Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  26 (Fred og konflikt i ei globalisert verd)   >  Portrett  >  Saddam Hussein
   
  26. FRED OG KONFLIKT I EI GLOBALISERT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Saddam Hussein – samla all makta i si hand

Saddam Hussein (1937–2006) blei fødd i Tikrit i Irak i 1937. Rykta er mange om Saddam, og det er lite ein veit sikkert om oppveksten hans.

Attentatplanar og kupp
Den politiske karrieren hans starta i 1958 då han tok del i eit mislykka attentat mot presidenten. Etter dette flykta han ut av landet. Eit nytt kupp ti år seinare, var vellykka, og Saddams Baath-parti kom til makta.

Liv i luksus
I 1979 tok Saddam makta og blei president. Han sytte for å setje sine folk inn i strategiske posisjonar og samla all makta i si hand. Han levde eit liv i luksus, fjernt frå folket. Irak blei eit diktatur, og Saddam la opp til ei enorm dyrking av sin eigen person, etter inspirasjon frå Stalin.

Grusomme metodar
I 1980 begynte krigen mot Iran, ein krig som varte i åtte år. Både her og mot den kurdiske befolkninga i Irak, brukte Saddam kjemiske våpen. I 1990 invaderte han Kuwait, noko som førte til krig mot ein internasjonal styrke, leidd av USA.

Gøymt i ei jordhole
Saddam gav til kjenne at han var vinnar av krigen. Konflikten med USA heldt fram, og i 2003 forsvann han då USA invaderte Irak. Han blei funnen 13.12.2003, då han gøymde seg i ei jordhole ved heimbyen, og teken til fange av amerikanarane. Saddam Hussein blei avretta i 2006.