Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  26 (Fred og konflikt i ei globalisert verd)   >  Portrett  >  Osama bin Laden
   
  26. FRED OG KONFLIKT I EI GLOBALISERT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Osama bin Laden – skipa al-Qaida

Osama bin Laden (1957– 2011) var sonen til ein av dei rikaste mennene i Saudi-Arabia, var utdanna sivilingeniør og hadde store investeringar i ulike selskap. Formuen hans var rekna til 300 000 000 dollar.

Islamistiske nettverk
Karrieren hans som politikar, fundamentalist, terrorist, krigar eller kva ein vil kalle han, begynte då Sovjet invaderte Afghanistan i 1979. Han kjempa på mujahedin si side, og skipa eit islamistisk nettverk – al-Qaida.

Osama bin Laden kom snart i kontakt med andre fundamentalistgrupper i Egypt, Algerie, Filippinane, Somalia og Tsjetsjenia. Det er eit uheldig samantreff at USA under krigen i Afghanistan støtta både mujahedin og bin Laden.

Ei rekke terroråtak
I 1994 mista bin Laden sitt saudiarabiske statsborgarskap, og flytta til Afghanistan. Bin laden og al-Qaida seiest å ha stått bak fleire terrorangrep mot amerikanske mål, som i Jemen i 1992, bomba i World Trade Senter i 1993 og dei amerikanske ambassadane i Tanzania og Kenya i 1998.

11. september 2001
I 1999 skulda FBI bin Laden for terrorisme og lova ut ein dusør på fem millionar dollar. Åtaket på World Trade Senter og Pentagon 11. september 2001 vil for alltid vere knytt til Osama bin Laden.
I 2011 blei han drepen i Pakistan av amerikanske spesialstyrkar.