Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  26 (Fred og konflikt i ei globalisert verd)   >  Portrett  >  Rigoberta Menchú Tum
   
  26. FRED OG KONFLIKT I EI GLOBALISERT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Rigoberta Menchú Tum – tok opp kampen mot overgrepa mot indianarane

Vald er ikkje eit ukjent fenomen for mayaindianaren Rigoberta Menchú Tum (1959–) frå Guatemala. Mora og broren blei brutalt myrda av regjeringssoldatar fordi faren hadde opponert mot landeigarane.

Drepen av regjeringssoldatar
Faren døydde i ein brann, då soldatar sette fyr på den spanske ambassaden der han og andre fattige bønder arrangerte ein fredeleg protest.

Etter desse forferdelege hendingane i nær familie tok Rigoberta Menchú opp kampen mot overgrepa mot indianarane i heimlandet sitt.

Ikkje-vald med lang rekkjevidd
Ho brukte ikkje vald, men sette i gang med politisk og sosialt arbeid for folket sitt. Guatemala var eit diktatur frå 1954 til 1986. Menchú reiste til Europa for å tale saka til den guatemalske opposisjonen, og ho var med i arbeidet for å få til ei forsoning med styresmaktene i heimlandet.

Stor symbolsk verdi
I oktober 1992 kunngjorde den norske Nobelkomitéen at fredsprisen skulle gå til Rigoberta Menchú for ”hennes arbeid for sosial rettferdighet og etnisk-kulturell forsoning basert på respekt for urbefolkningens rettigheter". At ho fekk fredsprisen, fekk stor symbolsk verdi for urfolk over heile verda.