Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  26 (Fred og konflikt i ei globalisert verd)   >  Portrett  >  Aung San Suu Kyi
   
  26. FRED OG KONFLIKT I EI GLOBALISERT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Aung San Suu Kyi – motarbeidd og sett i husarrest

Aung San Suu Kyi (1945– ) er dottera til den legendariske frigjeringshelten Aung San. Han blei myrda av politiske motstandarar i 1947. Då blei mora utnemnd til ambassadør i India, og dei neste 28 åra budde Suu Kyi utanfor grensene til Burma.

Inspirert av Gandhi
På skolen blei ho kjend med Gandhis ikkje-valdsfilosofi – ei lære ho heldt fast ved. Ho studerte statsvitskap, filosofi og økonomi i Oxford, og frå 1969–1971 arbeidde ho ved FN-sekretariatet i New York.

Opplevde massakrar i Rangoon
I 1972 gifta ho seg og fekk to søner. I 1980-åra tok ho opp att studia. Men då mora blei sjuk, drog ho til Burma. Der opplevde ho at fredelege demonstrantar blei massakrerte i gatene i Rangoon. Ho kom til at ho ville ta opp arven etter faren, og engasjerte seg i ei ny demokratiseringsrørsle, men blei raskt motarbeidd av dei militære leiarane som sette ut rykte om at ho arbeidde for framande makter.

Motarbeidd og sett i husarrest
Ho blei sett i husarrest og blei nekta å stille som kandidat ved parlamentsvalet. Opposisjonelle blei arresterte. I 1991 fekk Suu Kyi Nobels fredspris. Suu Kyi blei halden i husarrest til 2002, men blei arrestert på nytt i 2003.