Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  26 (Fred og konflikt i ei globalisert verd)   >  Portrett  >  Mandela og de Klerk
   
  26. FRED OG KONFLIKT I EI GLOBALISERT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Nelson Mandela og Frederik Willem de Klerk - slutten på apartheid

2. februar 1990 kunngjorde Sør-Afrikas president Fredrik Willem de Klerk (1936– ) at den lite omtykte apartheidpolitikken ville bli skrinlagd som ledd i overgangen til demokratisk fleirtalsstyre.

Free Nelson Mandela!
Unntakstilstanden og alle diskriminerande lover skulle omstøytast. Frigjeringsrørsla ANC og andre svarte politiske organisasjonar blei tillatne, og den mest vidgjetne politiske fangen i verda, Nelson Mandela (1918– ), skulle setjast fri.

På veg mot demokrati og frie val
Mandela involverte seg i fredsprosessen så snart han slapp fri. I løpet av 1990-åra lykkast det å innføre eit demokratisk fleirtalsstyre i Sør-Afrika, og i 1993 fekk dei Nobels fredspris. Det første frie valet med deltaking frå alle folkegrupper blei halde våren 1994 og enda med ein klar siger for ANC.

Trekte seg etter viktig arbeid
10. mai blei Nelson Mandela sett inn som ny president med de Klerk som ein av to visepresidentar. Etter at den nye grunnlova var ferdig, valde Det nasjonale partiet å gå ut av samlingsregjeringa i juni 1996. Samtidig valde de Klerk å trekkje seg frå visepresidentvervet for å bli opposisjonsleiar i parlamentet. I 1997 gjekk de Klerk ut av aktiv politikk, og i 1999 gjorde Mandela det same.