Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  26 (Fred og konflikt i ei globalisert verd)   >  Portrett  >  Arafat, Peres og Rabin
   
  26. FRED OG KONFLIKT I EI GLOBALISERT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Yasser Arafat, Shimon Peres og Yitzak Rabin - motiverande fredspris

I 1994 gav Nobelkomiteen for femte gong fredsprisen til personar som prøvde å skape fred i Midtausten. Komiteen meinte at Arafat (1929– ), Rabin (1922–1995) og Peres (1923– ) fortente fredsprisen fordi dei gjennom å underteikne Oslo-avtalen hadde gjort ein monaleg innsats for freden i Midtausten.

Oslo-avtalen
Gjennombrotet i Oslo kom da Rabin og Peres gjekk med på at palestinarane som ein start skulle få sjølvstyre i Gaza og byen Jeriko på Vestbreidda. Andre hovudpunkt som skipinga av ein palestinsk stat, statusen til Jerusalem, lagnaden til dei palestinske flyktningane, vassrettar og dei jødiske busetnadene skulle partane bli samde om dei følgjande åra.

Stor motstand på begge sider
Oslo-avtalen blei motteken med høgmælte protestar i Midtausten. Palestinarar dømde Arafat for å ha gitt opp kampen om Palestina, og den israelske høgresida rasa mot Rabin og Peres for at dei ville gi opp Vestbreidda og Gaza. Motstandarar på begge sider gjorde alt for å knekkje avtalen med valdshandlingar.

Framleis ingen fred
I september 1995 signerte Arafat og Rabin ein avtale i Washington som sikra palestinarane kontroll over nye delar av Vestbreidda. Det fekk den israelske høgresida til å trappe opp åtaka på Rabin og Peres. 5. november 1995 blei Rabin skoten av ein jødisk ekstremist. I åra som følgde stoppa framdrifta i Osloavtalen opp.