Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  27 (Brennpunkt Midtausten)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Jødane gjennom historia
   
  27. BRENNPUNKT MIDTAUSTEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Jødane gjennom historia

Jødane har opphav i semittiske nomadestammer som innvandra til Palestina mellom 1500 og 1000 f.Kr. Dei hadde eit felles språk, hebraisk, og ein felles gud, Jahve. Rundt 1200 f.Kr., under leiing av Moses, la jødane under seg Kanaan, landet som var lova dei ifølgje Det gamle testamentet. Dette blei utgangspunktet for det første samla jødiske kongedømmet. I 63 f.Kr. erobra romarane makta i området, og i 70 e.Kr. blei Jerusalem øydelagt og jødane drivne på flukt.

1 Vurder nettstadene nedanfor. Kven er Basim Ghozlan? Kva er Det Mosaiske Trossamfund? Kor pålitelege er desse framstillingane av historia til jødane?
2 Gjer greie for historia til jødane frå slutten av 1800-talet og fram til i dag.
3 Korleis har det landområdet som jødane kallar sitt (Israel), endra seg i nyare tid?
4 Presenter ein jødisk familie og historia til familien.

Nettstader

http://www.slideshare.net/Artemis24/jdenes-historie
Tidslinje utarbeidd av Anniken Marijke, lærar i Bærum.

http://www.islam.no/page1101136202.aspx
Ei framstilling av opprettinga av Israel, av Basim Ghozlan. Frå nettstaden til Den islamske informasjonsforeningen.

http://www.dmt.oslo.no/
Ulike artiklar om historia til jødedommen og jødane. Frå nettstaden til Det Mosaiske Trossamfund.

http://www.centropa.org/
Nettstaden Jewish Witness to a European Century med memoarar, bilete, artiklar m.m. Engelsk tekst. Også som pdf-fil.