Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  27 (Brennpunkt Midtausten)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Seksdagarskrigen
   
  27. BRENNPUNKT MIDTAUSTEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Seksdagarskrigen

Kompetansemål

Elevane skal
  • undersøkje to eller fleire internasjonale konfliktar etter 1945, og vurdere konfliktane, sett frå ulike perspektiv
  • finne eksempel på hendingar som har forma historia i eit ikkje-europeisk land etter 1900, og reflektere over korleis landet kunne ha utvikla seg om desse hendingane ikkje hadde skjedd
  • undersøkje bakgrunnen for ein pågåande konflikt, og drøfte reaksjonar i det internasjonale samfunnet
 
Forslag til undervisningsopplegg:

Elevane bør lese om Israel-Palestina-konflikten før dei ser filmklippa under om seksdagarskrigen. Kanskje kan ein snakke litt om kva elevane kan frå før, sidan mange har sterke meiningar om dette emnet. Filmen går konkret inn på krigshandlingane. Elevane kan arbeide med å finne årsaker til og verknader av seksdagarskrigen. Kva er nemnt i læreboka, og kva er nemnt i filmen?
 
Dei sterke elevane kan arbeide med å finne ut om filmen er partisk. La elevane sjå filmen for seg sjølv, så dei kan spole fram og tilbake og finne passasjar der krigen kunne ha vore framstilt annleis. Kanskje dei også kan lage ein eigen dokumentarfilm om Midtausten sett frå den eine eller den andre sida?