Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  27 (Brennpunkt Midtausten)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Ulike syn på staten Israel
   
  27. BRENNPUNKT MIDTAUSTEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Ulike syn på staten Israel

Av Olav Arild Abrahamsen


For jødane i Israel var det særleg to historiske hendingar eller minne om fortida som blei bestemmande for den kollektive identiteten: Holocaust 1941–45 og opprettinga av staten Israel i 1948. Det korte tidsspennet mellom dei to hendingane har styrkt jødane i Israel i trua på at det er ein årsakssamanheng mellom katastrofen og forløysinga, seier den israelske historikaren Moshe Zimmermann. For sionistane representerte holocaust kulminasjonen av meir enn 3000 år med antisemittisme, mens statsdanninga var fullbyrdinga av den like gamle jødiske tradisjon for heroisme.

Krigen i 1948–49 skapte nødvendigvis ein del mytar – eller offisielle sanningar – i Israel. Mytane blei hamra inn av den første generasjonen av israelske historikarar. Krigen i 1948 blei framstilt som ein heroisk strid. Den svake, nyfødde nasjonen Israel, som nettopp hadde reist seg frå oska etter holocaust, måtte slåst mot ein talmessig overlegen arabisk motstandar. Og ikkje nok med det: Britane støtta arabarane, og det internasjonale samfunnet svikta ved å vedta våpenembargo. Den israelske sigeren i 1948 er blitt skildra som eit mirakel, på same måte som Davids siger over Goliat, og er ein viktig del av den nasjonale diskursen i Israel.

I 1980-åra blei den tradisjonelle historiske skolen utfordra av ei gruppe yngre historikarar som kalla seg «new historians» eller revisjonistane. Dei hadde fått tilgjenge til nye arkiv, og dei hadde andre erfaringar enn dei «gamle» historikarane: Krigane i 1967 og 1973, invasjonen av Libanon i 1982 og intifadaen frå 1987.

Debatten kom til å stå om desse seks spørsmåla:


1. Rolla til Storbritannia under krigen i 1948–49

Tradisjonalistane hevda at britisk politikk i hovudsak var proarabisk og antisionistisk. Som bevis peika dei på at britane overlét dei militære installasjonane sine i Palestina til Den arabiske legionen. Den proarabiske politikken kulminerte med at Storbritannia oppmuntra dei arabiske styrkane til å invadere Palestina da mandatstyret opphørte.

Revisjonistane seier at næranalyse viser at britisk politikk ikkje berre var sjølvmotseiande antiarabisk og antisionistisk, men framfor alt at det var ein politikk som i stadig stigande grad fokuserte på Transjordan. Storbritannia gjekk inn for ei utviding av Transjordan («A Greater Transjordan»).


2. Årsaka til at Israel sigra militært

Etter den tradisjonelle skolen var Israels militære siger i 1948 heroisk og mirakuløs: Davids siger over Goliat. Dei nye historikarane påstår derimot at Israel vann fordi styrkane var betre trena, betre motiverte, betre organiserte og – etter ein innleiingsfase – betre utrusta. Sigeren var ikkje eit mirakel, men eit resultat av at Israel var militært overlegen.


3. Forholdet mellom Israel og Jordan

Israel hadde hatt ei hemmeleg forståing eller ein hemmeleg avtale med kong Abdullah av Transjordan mellom 1947 og 1949, hevdar dei nye historikarane. Det skal ha vore ein uskriven avtale om å dele Palestina mellom seg når mandatperioden gjekk ut, og dermed om å hindre at dei palestinske arabarane fekk etablere ein eigen stat.

Tradisjonalistane: Det finst ikkje snev av bevis på at det eksisterte nokon hemmeleg avtale.


4. Dei arabiske krigsmåla

Tradisjonalistane: Dei arabiske statane hadde som mål å øydeleggje den nye staten Israel.

Revisjonistane: Dei arabiske statane var mindre samstemde enn ein før har trudd, og dei følgde primært eigne territorielle mål. Transjordan (kong Abdullah) hadde ikkje som mål å frigjere palestinarane, men å sikre seg kontroll over dei områda som var gitt til arabarane i delingsplanen frå FN av 1947. Eitt av motiva til Egypt for å gå inn i krigen var å stagge ambisjonane til Abdullah. Dei arabiske statane gjekk med andre ord først og fremst til krig for å sikre seg landområde.


5. Årsaka til at det ikkje blei fredsavtalar etter 1948

Tradisjonalistane: Ein konsekvens av at arabarstatane var uforsonlege.

Revisjonistane: Israel var meir uforsonleg enn arabarane.


6. Flyktningspørsmålet

Det største stridsspørsmålet har vore kven som hadde ansvaret for at omkring 700 000 palestinarar blei drivne på flukt. Hovudspørsmålet har vore: Drog palestinarane «frivillig», eller blei dei drivne ut?

Arabiske historikarar har heile tida hevda at flyktningane blei fordrivne eller jaga ut av israelske styrkar. Derfor har dei rett til å vende tilbake.

Den offisielle israelske versjonen har vore at dei palestinske flyktningane drog uoppfordra eller etter ordre frå dei arabiske ledarane gjennom arabisk kringkasting. Derfor har ikkje Israel ansvar for flyktningproblemet.

Kva hevdar dei israelske revisjonistane? Dei kom først til at det ikkje fanst bevis for at arabiske leiarar hadde oppfordra til flukt, men at det heller ikkje fanst bevis for at det hadde gått ut ordre om utdriving frå sentralt sionistisk hald. Historikaren Benny Morris konkluderte i standardverket The birth of the Palestinian refugee problem, 1947–1949 frå 1987 slik: «The Palestinian refugee-problem was born of war, not by design, Jewish or Arab. It was largely a by-product of Arab and Jewish fears and of the protracted, bitter fighting that characterised the first Arab-Israeli war; in smaller part, it was the deliberate creation of Jewish and Arab military commanders and politicians.»

Men i 2004 kom Benny Morris med ei ny bok, The birth of the Palestinian refugee problem revisited, skriven på grunnlag av kjeldemateriale som det israelske forsvaret hadde frigitt. I samband med utgivinga blei Morris intervjua i den israelske avisa Haaretz, og han fekk spørsmålet: Kven vil glede seg mest over den nye boka? Israelarar eller palestinarar?

Morris hadde dårlege nyheiter til palestinarane. Han meinte å ha dokumentert at det gjekk ut ordre frå The Arab Higher Committee og frå palestinske leiarar på mellomnivå om at barn, kvinner og eldre skulle forlate landsbyane, altså at palestinarar blei oppmuntra til å flykte.

Likevel retta han dei alvorlegaste klagemåla mot sionistane. Talet på massakrar frå israelsk side var langt høgare enn ein tidlegare hadde rekna med. Om lag 800 menneske blei avliva. Det var fleire tilfelle av valdtekt, 12 er dokumenterte fullt ut, men dei utgjorde «berre toppen av isfjellet». Sionistiske militære einingar fekk klare ordrar om å tømme og øydeleggje landsbyar. Omgrepet reinsing (etnisk reinsing) blei brukt i israelske dokument. Dessutan meiner Morris at Ben-Gurion var det han kallar «a transferist».

Det endelege beviset, den skriftlege ordren frå toppleiinga om etnisk reinsing, ligg ikkje føre, men indisia er eintydige.

Med tanke på kor viktig det historiske ansvaret for flyktningspørsmålet er i konflikten, er det ikkje mindre interessant å høre den tidlegare radikale historikarens politiske vurderingar. Svara han gav, sjokkerte intervjuaren. Ben-Gurion gjorde rett, påstår Morris: «Without the uprooting of the Palestinians, a Jewish state would not have arisen here.» Det er situasjonar i historia som rettferdiggjer etnisk reinsing, ifølgje Morris, jamvel om det ikkje er stuereint å hevde noko slikt i diskursen i det 21. hundreåret. «When the choice is between destroying or being destroyed, it’s better to destroy.» Og ikkje nok med det: Ben-Gurion viste seg svak, han nølte! Han burde ha reinsa heile mandatområdet! Dersom slutten på denne historia blir «a gloomy one», noko Morris fryktar, ja, så er det fordi Ben-Gurion lét det vere igjen ein stor og valdeleg demografisk reserve på Vestbreidda og i Gaza. «Vi er undertrykkjarane,» konkluderer Morris, «men i det lange løp er vi den svake parten.»

Tidlegare blei Benny Morris skulda for å ha gått i teneste hos palestinarane i historieforskinga si. Som vi har sett, ber faghistorikaren Morris framleis fram dokumentasjon til dei som hevdar at Israel må bere eit hovudansvar for flyktningspørsmålet. Men kva har fått Morris til å applaudere utdrivinga av palestinarane? Da palestinarane forkasta fredsplanane frå Ehud Barak i juli 2000 og president Bill Clinton i desember same året, blei han overtydd om at «they want it all».