Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  27 (Brennpunkt Midtausten)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Jerusalem – ein heilag by i tre religionar
   
  27. BRENNPUNKT MIDTAUSTEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Jerusalem – ein heilag by i tre religionar

Heilag for jødane
Jerusalem er ein heilag by for dei tre monoteistiske religionane som alle har utspring i Midtausten. For jødane er Jerusalem heilt sentral både i religiøs tradisjon og i jødisk historie. Det var her Abraham, stamfar til jødane og grunnleggjaren av den monoteistiske gudstrua, blei pålagd av Gud å ofre sonen Isak for å vise lydnad mot Gud, men blei stoppa av Guds engel.

Og da Israel blei samla til ein stat av kong David på 1000-talet f.Kr., blei Jerusalem hovudstaden i landet. Det var her kong Salomo bygde tempelet og eit praktfullt palass. Tempelplassen var og er for mange jødar den mest heilage plassen. I dag finn vi Klagemuren her, restar av det andre tempelet, det som romarane øydela. Etter at det skjedde, blei jødane spreidde over store delar av verda (diaspora). Frå da av har helsinga mellom jødar vore: «Vi møtest i Jerusalem.»

Heilag for kristne
For kristne er byen sentral i historia om Jesus. Han var ikkje fødd i Jerusalem. Fødselskyrkja ligg i Betlehem. Men den sentrale hendinga i Jesu liv og det heilt grunnleggjande i den kristne trua, krossfestinga og Jesu død og oppstode, gjekk føre seg i Jerusalem. I Bibelen hører vi også om Jesus som tolvåring i tempelet, der han gir seg til å diskutere med dei jødiske skriftlærde. Her skimtar vi første gongen ein konflikt mellom Jesus og jødane.

Også i kristendommen er Jerusalem altså ein heilag by. Av den grunn har all verdsens kyrkjesamfunn sine kyrkjer eller kloster i byen, og krossfararane i mellomalderen ville frigjere den heilage byen frå dei vantru muslimane. I nyare tid har det vore massepilegrimsferder til Jerusalem, særleg i påsken. Men i dag kjem det færre pilegrimar, på grunn av dei urolege forholda.

Heilag for muslimar
For muslimar er Jerusalem den tredje av dei heilage byane. Dei to mest heilage er to byar på Den arabiske halvøya, Mekka og Medina, der profeten Muhammad grunnla islam. Men ut frå Koranen var også Muhammad i Jerusalem. Gud førte han gjennom lufta frå den heilage moskeen i Mekka til Jerusalem, før Gud førte han til himmelen. I den aller første tida vende muslimane seg mot Jerusalem når dei bad, og byen heiter på arabisk al-Quds, som tyder heilagdommen.

Konfliktar og vald – ikkje samarbeid
Jødedom, kristendom og islam er tre religionar som har svært mykje til felles, både i tru og tradisjon. Noko av det dei har til felles, er Jerusalem. Ein skulle tru at tre så like religionar kunne samarbeide om felles tradisjonar. Men dessverre har dette fellesskapet for byen Jerusalem opp gjennom historia og i dag vore ei ulykke.