Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Multimedia  >  Bilete og film i historieundervisinga
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Korleis kan bilete og film nyttast i undervisinga?


Læreplanen nemner bilete og film i samband med å kunne lese. Det kan vi knyte til det utvida tekstomgrepet og samansette tekstar som elevane møter i norskfaget. Den medierøyndomen vi er i ferd med å bli kjende med, stiller nye krav til tilskodarane. Den teknologiske utviklinga gir også moglegheiter i bruk og misbruk av historisk materiale, og da særleg bilete og film. Dette er historisk materiale som elevane skal lære seg å lese og tolke, fordi det fortel noko om fortida, og fordi det er viktig å utvikle kritisk distanse til dei ulike media. Media skal brukast, men spørjande og med varsemd.

Det betyr at vi må nytte bilete og film som historisk materiale i undervisinga. I lærebøkene er det mange bilete som kan nyttast som historisk materiale. I Arbeidsportal er det også laga to arbeidsopplegg som byggjer på bilete. Det eine er «Mellomalder og renessanse – kva skil?» og det andre er «Statuar – tause monument eller talande kjelder?». I lærarrettleiinga i Arbeidsportal kan du lese meir om korleis det er tenkt rundt bruken av bileta i desse oppgåvene. I det følgjande skal vi setje opp nokre tommelfingerreglar for korleis vi tenkjer rundt bilete og film som historisk materiale.

Når vi skal arbeide med bilete og film, kan kjeldegranskingsskjemaet på side 8 i Arbeidsportal nyttast. Bilete og film høyrer med til dei talande kjeldene og kan diskuterast ut ifrå dei same spørsmåla som vi stiller til dokument av ymse slag.

Arbeidsportal har også eit kapittel som tek for seg historisk analyse. Her blir det mellom anna gitt nokre tips om korleis ein kan sjå etter samfunnssyn og menneskesyn i tekstar. Dette er tips og spørsmål også som kan nyttast i arbeidet med film og bilete. Nokre døme: Kva gir mennesket verdi? Korleis blir samfunnet framstilt − statisk eller dynamisk?

I arbeidet med bilete og film er det viktig at elevane får tid til å setje seg inn i kva dei ser. Det første arbeidet med bilete og film må derfor vere å beskrive biletet, filmen eller filmklippet. Kven er med på biletet? Kva for gjenstandar ser vi? Kvar er biletet frå; er det ute eller inne? Ein slik skildringsmetode kan hjelpe elevane til å bli kjende med bilete, og få eit inntrykk av kva status dei som er avbilda har, og kva tanken bak eit bilete kan vere. Det same gjeld i stor grad for film.


Bilete

Måleri, teikningar, plakatar, karikaturar og fotografi er alle ulike kategoriar av bilete, som krev ulik behandling. I det følgjande skal vi sjå nærare på korleis vi kan arbeide med desse i samband med historieundervisinga.

Måleri, teikningar, plakatar og karikaturar er alle skapt av ein kunstnar. Når vi skal arbeide med historisk materiale må det plasserast i tid og rom. Det er ofte fleire kontekstar, for eksempel den situasjonen som biletet viser, og situasjonen til målaren da han skapte kunstverket. Tommelfingerregelen er at bilete oftast fortel mest om opphavspersonen, kunstnaren som skapte biletet, og samtida hans eller hennes.

Bilete som er skapt av ein målar eller teiknar, seier noko om intensjonane og verkemidla til personen som har laga biletet, og om korleis ho/han og samtida hennar/hans vurderer den hendinga som blir avbilda. Sjå til dømes på dei ulike karikaturteikningane i læreboka og i Arbeidsportal. Dei framstiller historiske figurar og hendingar, men det er tydeleg at vi får sjå dette gjennom brillene til personen som har laga teikningane. Det er ikkje eit objektivt blikk på fortida, men eit blikk prega av han eller ho som held penselen. Eit anna døme er biletet av Napoleon på side 28 og 29 i Portal, Verdshistorie og Noregshistorie etter 1750. Biletet er signert David, som måla bilete frå den franske revolusjonen. Biletet av Napoleon skal vise hans tog over Alpane, men er svært idealisert. David har hatt eit ønskje om å framstille Napoleon som ein ny Karl den Store eller Hannibal. Biletet viser ikkje korleis Napoleon faktisk tok seg fram over Alpane. Det kan likevel seie noko om utstyret soldatane hadde med seg på hærtoget. Teknologien i Napoleons samtid kan vi altså få eit inntrykk av gjennom måleri, teikningar og liknande.

Eit døme på at vi ikkje kan stole blindt på den teknologien som blir framstilt på bilete, finn vi i Noreg på 1800-talet. På bilete frå romantikken ser vi ofte vikingar måla med hjelm, sjølv om hjelmar manglar i det arkeologiske funnmaterialet. Kunstnarane fortolkar fortida og lagar framstillingar som høver til bodskapen dei vil formidle. På 1800-talet i Noreg var bodskapen at landet hadde hatt ei stordomstid.

Fotografiet står i kontrast til dette. Eit fotografi dokumenterer noko som skjer her og no, og kan dermed nyttast som kjelde til det som blir avbilda. Ein skal sjølvsagt ikkje underslå at kunsten å manipulere fotografi er like gammal som kunsten å fotografere − ein kunst den teknologiske utviklinga dei siste åra ikkje har bidrege til å få bukt med.

Gamle fotografi, til dømes av eit bymiljø, ei gate, ein familie, er interessante i historieundervisinga der omgrep som endring og kontinuitet skal lærast. To fotografi av same stad eller familie, knipsa med mange års mellomrom kan gjere endringar tydelege for elevane, og kan bidra til å gjere fortida litt nærare og meir handgripeleg. Kva er det som endrar seg, og kva er det som er stabilt og altså kan seiast å vise kontinuitet? Klede, frisyrar, møblar, bilar og liknande vil ha endra seg frå eit tidspunkt til eit anna, men er det endringar som er så store at vi kan tale om eit nytt tankesett? For eit konkret døme på korleis bilete kan nyttast i arbeidet med omgrepa kontinuitet og endring sjå Arbeidsportal på side 69–71 og lærarrettleiinga, side 235.

For å gi ei kort oppsummering: Fotografi er dokumentarisk og seier noko om den augneblinken det blei knipsa, medan måleri, teikningar, plakatar og karikaturar seier meir om den som har skapt dei og den tida han eller ho lever i, enn den historiske situasjonen kunstnaren avbildar.


Film

Det er særskilt i arbeidet med film at kapittelet om historisk analyse frå Arbeidsportal kan nyttast. Her er det stilt opp ein del døme på spørsmål og tips om kva ein skal sjå etter.

På same måte som med måleri, teikningar, karikaturar og liknande, er det først og fremst konteksten som er interessant i arbeidet med film. Kven sine tankar er det vi ser reflektert? Kva nytte har vi av dette? Kva er det eigentleg vi ser? Er det slaget om Troja slik det verkeleg var, eller er det slaget om Troja slik Oliver Stone og hans samtidige ser det? Kva pregar samtida til Oliver Stone?

Som med bilete, er det altså vesentleg å få på det reine kva vi ser, og skilje mellom tida da filmen blei til og tida da handlinga fann stad. Handlinga vi ser framstilt i filmen «Troja» tok plass før Kristi fødsel, medan filmen blei laga av Oliver Stone over 2000 år etter. Er det Hellas i antikken vi ser? Eller er det antikken slik Oliver Stone ser den? Og kva historie er det han fortel?

For å svare på spørsmål av denne typen er meldingar av filmar nyttige. Korleis blei filmen motteken? Var det mange som såg den på kino? Står det noko i meldingane om korleis filmen speglar samtida si?

Eit nyare eksempel er «300», ei filmatisering av slaget ved Thermopylene. I dette slaget klarte 300 spartanarar å halde Xerxes sin hær på 250 000 mann i sjakk til Athen fekk i stand forsvaret sitt. Filmkritikarane har notert seg at persarane blir skildra med negativt forteikn, medan grekarane er modige og står opp mot vondskapen. Regjeringa i Iran meiner at filmen er eit åtak på landet, og historikarar peiker på at filmskaparane har hatt laus omgang med historiske fakta. Det er eit døme på korleis ein film speglar samtida han blir laga i, og ikkje er ei uskuldig skildring av eit slag for over 2000 år sidan.

Eit anna moment i arbeidet med film er å få elevane til å sjå filmen aktivt i staden for å vere passive tilskodarar. Ein måte å løyse opp i dette på, er å velje ut einskilde scener som har særleg interesse og la elevane plukke dei frå kvarandre. Elevane kan dele utsnitta opp i dei minste einingane for å sjå kva dei eigentleg inneheld, og kva dei fortel om. Replikkar, kameraføring, lyssetjing, kva personar som er med, og korleis dei blir framstilte, er døme på moment som kan bidra til å løyse opp ei scene og gjere henne handterleg for elevane. Ved hjelp av denne arbeidsmåten kan vi komme nærare innpå filmmakaren og få innblikk i dei verkemidla som er nytta, og sjå korleis filmmediet fungerar.

Verkemidla det kan vere enklast å ta tak i, er lyssetjing, bruk av musikk og språk. I filmar om den andre verdskrigen snakkar ofte tyskarar engelsk, til dømes. Kvifor gjer dei det? Er det for å gjere filmen tilgjengeleg for det engelskspråklege publikumet, eller er det for å skape avstand mellom den tyske soldaten og krigen? Musikk og lys skaper stemning og gir tilskodarane sympatiar og antipatiar. Dette er moment som kan diskuterast i arbeidet med film.


Tips til arbeidet med film

Kjeldegranskingsskjemaet på side 8 i Arbeidsportal kan nyttast, og det same kan kapittelet om historisk analyse. Dette kan gi elevane haldepunkt og nyttige tips til korleis dei kan gå fram i arbeidet med historisk materiale av denne typen.

Det er viktig å arbeide med å få fram ei forståing av kva kontekst det historiske materialet fortel om. Bilete og film er godt eigna til å gjere dette forståeleg for elevane.

I arbeidet med historisk materiale er det viktig å setje materialet inn i ei større ramme, gi elevane nødvendig informasjon om opphav og bakgrunn. Det kan bidra til å gjere arbeidet enklare for elevane.

Eit siste tips er å sjå i Arbeidsportal på kva opphavsopplysingar som er gitt til bileta som er nytta der, og på korleis oppgåvene er bygde opp.


Tips til vidare lesing

Lund. Historiedidaktikk. En håndbok for studenter og lærere. Oslo, 2. utg. 2006.