Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Multimedia  >  Filmtips
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Nokre aktuelle filmar for historieundervisninga

Antikken:

Det var en gang et menneske: fransk teiknefilmserie frå 1978. Serien som tek for seg historia til menneskeætta frå jorda blir til og fram til mellomkrigstida, består av 25 episodar som varer omkring 25 minutt. Serien har nokre gjennomgangsfigurar og er meint for barn. Den bør derfor, som alle andre historiske framstillingar, vurderast med eit kritisk blikk, men fungerer godt som repetisjon og visualisering.Serien finst på dvd og kan kjøpast frå ulike forhandlarar.

- Her finn du ein oversikt over alle episodane og nokre bilete frå serien.
- Her finn du ein kort presentasjon av alle episodane.

Ancient Egyptians (2004): Britisk dokumentarserie om det gamle Egypt. Basert på verkelege hendingar. Blanding av dokumentar og dramatisering.

300 (2007): Film om kampen mellom grekarane og den persiske invasjonshæren, basert på ein teikneserie. Kva inntrykk gir filmen av grekarane, spartanarane og persarane? Samanlikn med andre kjelder. Den som finn flest feil, vinn. Parallellar med våre dagar – korleis blir fiendebilete av andre kulturar skapte? Filmen kan knytast til opplegg der ein samanliknar kulturen i Athen og Sparta, eit demokrati og eit totalitært militærdiktatur.

Hannibal (2006): Britisk produksjon på 1 t og 29 min. Blanding av spelefilm og dokumentar. Pedagogisk og spennande. Diskusjonspunkt: Kampen mellom to supermakter i antikken – parallellar med den kalde krigen, forholdet mellom USA og Sovjetunionen. Kontrafaktisk historie – kva om Kartago hadde vunne denne konflikten?

Caesar (2002): Amerikansk miniserie om livet og karrieren til Julius Caesar. Illustrerer republikkens undergang og overgangen til keisardømmet.
Rome (2005): Påkosta amerikansk fjernsynsserie. Første episode kan brukast som introduksjon til historia om Romarriket. Verkelege og fiktive personar frå ulike lag i samfunnet blir presenterte. Serien understrekar skilnadene mellom antikken og vår eiga tid, for eksempel i synet på slaveriet, religion, vald og sex.

Empire (2006): Amerikansk miniserie om den unge Octavianus, seinare keisar Augustus. Stiller seg temmeleg fritt til historia. Ein kan eventuelt samanlikne utdrag frå ulike filmar som handlar om same historiske hending, for eksempel republikkens undergang eller mordet på Caesar.
Spartacus: Stanley Kubricks meisterverk om slaveopprør. Svært lang. Ein kan vise utdrag, for eksempel om gladiatorar og om kåra til slavane. Ein kan samanlikne med andre filmar, for eksempel Gladiator.
Gladiator: Er framstillinga av personane i filmen historisk korrekt – Markus Aurelius, Commodus og Maximus?


Mellomalderen:

I Arns rike (2004): Svensk dokumentarserie med Jan Guillou om framveksten av den svenske staten på 1100-talet. Mykje av det historiske stoffet vedrører eller kan overførast direkte til norske forhold, mellom anna episodar om trælar, stillinga til kvinnene og innføringa av kristendommen.

Arn. Tempelridderen (2006) og Arn. Riket ved veiens ende (2008): Spelefilmar baserte på Jan Guillous romanserie.
Rosens navn: Spelefilm basert på den kjende romanen av Umberto Eco. Tek for seg rolla til kyrkja og klostera i mellomalderkulturen.

Shadow of the Sword: Europeisk drama om ein bøddel i ein liten by i Alpane i seinmellomalderen. Religiøs fanatisme stilt opp mot gryande renessanse og vitskap.

Luther: Biografisk film om Martin Luther.


1600–1900:

Farlige forbindelser: Film basert på fransk roman frå 1700-talet om begjær, kjærleik og manipulasjon i eit dekadent adelsmiljø. Dei «mørke» sidene ved opplysningstida.

Ridicule: Fransk film om livet ved det franske hoffet like før revolusjonen.

Marie Antoinette (2007): «Historisk» film av Sofia Coppola. Aktuelt å samanlikne med andre framstillingar. Hovudpersonen blir framstilt som ein «moderne» tenåring som blir plassert i eit praktfullt, men regelstyrt og tomt hoffmiljø. Den utagerande livsstilen hennar blir tolka som eit ungdomsopprør, som etter kvart fører til at ho blir avretta som tyrann og landsforrædar.

Vatel: Drama om meisterkokken til Ludvig 14, spela av Gerard Depardieu. Illustrerer barokkulturen og bruken av prakt og luksus for å styrkje eineveldet.
Natten i Varennes: Om fluktforsøket til det franske kongeparet i 1789. Kanskje litt for «vaksen» for aldersgruppa.

Heksenes tid (2007): Svensk dokumentarserie med Jan Guillou om hekseprosessane på 1600-talet. Serien tek for seg den sosiale og politiske bakgrunnen til hekseforfølgingane, og samanliknar utviklinga i protestantiske og katolske land. Påstandane til Guillou er omstridde og utløyste ein omfattande debatt.

Historien om Norge: Fjernsynsserie basert på bøkene til Karsten Alnæs om norsk historie frå mellomalderen til 1814.


Den første verdskrigen:

En dag uten krig: Handlar om ei verkeleg hending der britiske og tyske soldatar inngjekk ei spontan våpenkvile i jula.

Intet nytt fra vestfronten: Amerikansk fjernsynsserie basert på romanen av Erich Maria Remarque.


Den andre verdskrigen:

The Road to War (1989): Britisk fjernsynsserie om årsakene til den andre verdskrigen, sett frå ulike land. Elevane kan for eksempel samanlikne årsakene til at USA og Japan gjekk inn i krigen.

Auschwitz. The Nazis and the final solution (2005): BBC-produksjon om Holocaust.

War of the Century – Hitler vs. Stalin (2000): BBC-serie med historikaren Niall Ferguson om krigen på austfronten. Kamp mellom to totalitære system.

Quisling – en dokumentar (2002): Norsk serie i to delar. Intervju og arkivmateriale.

Kampf um Norwegen (1940): Autentisk, nyoppdaga tysk propagandafilm om 9. april 1940. Undervisningsopplegg frå Norsk filminstitutt.

Viljens triumf: Berømt propagandafilm av Leni Riefenstahl. Studiehefte «Fascismens fascinasjon» frå Norsk filminstitutt om verkemidla i propagandaen og om det visuelle og retoriske uttrykket i nazismen.