Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Multimedia  >  Om historisk person på film
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Opplegg om historisk person på film

Læreplanmål:
Elevane skal kunne
  • presentere ein historisk person og diskutere korleis samtidige samfunnsrammer påverka handlingane til denne personen
  • bruke digitale verktøy til å hente informasjon frå ulike medium og vurdere informasjonen kjeldekritisk i eigne framstillingar
Forslag til aktuelle historiske personar:
  • Julius Caesar
  • Napoleon
  • Marie Antoinette
  • Adolf Hitler
  • Arn – fiktiv tempelriddar
  • Kristoffer Columbus
  • Henrik 8. (England)
  • Elisabeth 1.

Forslag til filmar:
  • Julius Caesar (2002): Regissør: Uli Edel. Med Jeremy Sisto, Richard Harris, Christopher Walken og fleire
  • Napoleon (2002): Fransk-italiensk miniserie med Christian Clavier, Isabella Rossellini, Gerard Depardieu, John Malkovich og fleire
  • Marie Antoinette (2006): Regi: Sofia Coppola
  • Hitler. The rise of evil (2003): Miniserie med Robert Carlyle i hovudrolla

Om alle desse personane er det blitt laga ein eller fleire filmar. Elevane kan anten velje å arbeide med ulike historiske personar, eller heile klassa kan ta for seg same person, for eksempel Julius Caesar, og samanlikne korleis denne personen blir framstilt i ulike filmversjonar. Det dei kjem fram til, bør samanliknast med framstillinga i andre kjelder. Ein framgangsmåte er å samanlikne læreboka, andre fagbøker, historiske romanar, spelefilmar og dokumentarfilmar. Hugs at filmane også er eit produkt av si eiga samtid.


Forslag til problemstillingar:
  • Korleis blir personen framstilt i filmen/filmane?
  • Kva skilnader og likskapar finn vi?
  • Korleis blir handlingane til personen forklarte?
  • Korleis påverkar samfunnet handlingane til personen?
  • Kva kan årsakene vere til at personen blir framstilt ulikt i ulike versjonar?
  • Er filmen eller filmane truverdig(e), sett i forhold til det historiske kjeldematerialet?