Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Multimedia  >  Dataspel i historieundervisninga
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Dataspel i historieundervisninga

Kompetansemål

Elevane skal kunne:
  • utforske ulike korte historiske framstillingar av ei og samme hending, og diskutere forfattaranes val av innfallsvinkel og spørsmålsstilling
  • drøfte korleis historie er blitt brukt og blir brukt i politiske samanhengar
  • undersøkje korleis eine førestellingar om fortida er blitt forma og diskutere kva faktorar som gjer at menneske kan ha forskjellige oppfatningar om fortida
Det er blitt utvikla ulike typar spel som dreiar seg om historiske emne og problemstillingar. Mange spel bruker gresk eller norrøn mytologi som utgangspunkt for individfokuserte kamp- eller rollespel. Spela har eit svært fritt forhold til kjeldene og framstår som eit oppkok av populærkulturelle referansar (filmar som Gladiator, teikneseriar, fantasysjangeren, andre spel og så vidare).

Strategispel er meir «realistiske» og gir spelaren eller spelarane høve til å utvikle og følgje heile sivilisasjonar gjennom handel, diplomati og krig. Dei mytologiske spela bruker historie og mytologi (kulturarven) som råmateriale for underhaldning, mens strategispela gir eit høve til å oppleve historiske drivkrefter som krig, økonomi, administrasjon og diplomati i simulert form. Dei mest populære tidsperiodane ser ut til å vere antikken, mellomalderen, oppdagingsreisene, den andre verdskrigen og den kalde krigen.

Mytologiske spel:
God of War
Rise of the Argonauts
Prince of Persia
Vikings of Asgard

Strategispel:
Medieval II: Total War
Rome: Total War
Caesar IV
Civilization IV: Colonization
Age of Empires III
Anno 1701: Dawn of Discovery
Empire Earth II
Civilization III
Company of Heroes
CivCity Rome
Immortal Cities: Children of the Nile