Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Bruk av Internett
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Korleis nytte Internett effektivt?


Internett har endra strukturane for korleis vi hentar inn og produserer
informasjon. Grensene mellom sendar og mottakar, produsent og konsument er blitt viska ut. Internett har gjort det mogleg for kvar og ein av oss å publisere informasjon og kunnskap på ein heilt ny måte. Samtidig inneber dette ein trussel mot kvaliteten og sanningsinnhaldet i det som blir publisert. Tekstene blir publiserte utan kontroll og utan at dei blir redigerte av korrekturlesarar, forlag og ansvarlege utgjevarar.

Den nye teknologien påverkar også korleis vi lærarar kommuniserer med elevane. Og vår kompetanse som lærarar når det gjeld søk og kjeldekritiske metodar, påverkar utviklinga av denne kompetansen hos elevane.

Tekster på Internett bør få den same kjeldekritiske vurderinga som tekster frå andre informasjonskjelder, blir det ofte sagt. Men er det verkeleg den same kjeldekritiske vurderinga som må til? Stiller ikkje dette nye mediet nye krav til den kjeldekritiske tilnærminga vår? Og korleis skal vi øve opp elevane sine kjeldekritiske dugleikar?

I denne artikkelen vil eg sjå på kva som særpregar Internett som kjelde, og kor viktig det er at elevane lærer seg å søkje på ein god måte. I elevteksta er det lagt stor vekt på dette, og eg vil komme inn på kvifor dette er nødvendig for å styrkje elevane sine kjeldekritiske dugleikar. Internett i seg sjølv blir med andre ord eit viktig studieobjekt når det gjeld å byggje opp den kjeldekritiske kompetansen til elevane. På same måte blir studiet av ulike søkjemotorar og korleis dei ulike søkjemotorane fungerer, ein viktig del av kompetansebygginga. Eg vil også vise korleis vi kan gjere dette, med konkrete tips og råd.


Internett som kjelde
Kva er det så som skil tekster på Internett frå andre kjelder? Ein viktig skilnad er den fysiske eksistensen. Den fysiske plasseringa og utforminga av hieroglyfane kan gi egyptologane ei mengd informasjon. Materialet som pergamentrullane er laga av, kan gi oss informasjon via analyser om kor gamle dei er. Vi kan ikkje arbeide med tekster på Internett på denne måten. Det er vanskeleg ut frå korleis teksta ser ut, å avgjere om det er Sokrates for over 2 400 år sidan eller ein norsk elev i vidaregåande skole som er forfattaren. Det gjer det med andre ord vanskeleg å identifisere kjelda.

Informasjonen på Internett er flyktig og forgjengeleg på ein heilt annan måte enn bøker. Der vi før kunne vise til den opphavlege teksten og gå tilbake til den seinare for ytterlegare analysar, er ikkje dette like lett med tekster som vi finn på Internett. Ein tekst på Internett kan eg som forfattar gå tilbake og endre når eg har fått ein ny tanke eller eit nytt perspektiv.

Der den tradisjonelle kjeldekritikken baserer sin metode på at kjelda er sånn nokolunde seriøs, treng ikkje kjelder på Internett å vere det. Her finn eg CNN-journalistar og seriøse forskarar, men eg finn også forvirra dårar og besette fanatikarar, mystiske desinformatørar og dunkle politiske grupperingar som alle har eit felles mål: å få meg til å tru på deira bodskap.

Til slutt har vi hyperteksten som dominerer på Internett, moglegheita til å lenkje min. tekst til andre tekster. Skal vi ta med lenkjene når vi vurderer ei Internett-kjelde? Kanskje er det slik at det einaste vi kan gå ut frå når vi skal vurdere kjelder på Internett er sjølve teksta, og da er det tekstkritikk vi snakkar om. Da står vi igjen med to viktige spørsmål. Kven er sendaren? Kva er formålet med teksta?


Nye utfordringar
Kjeldekritikk er vanskeleg. Kjeldekritikk i ei verd der informasjonsspreiinga skjer så raskt som i dag, er vanskelegare. Kjeldekritikk i ei verd der nye medium gir oss alle høve til å bli medprodusentar, er nesten uoverkommeleg. Samtidig seier læreplanane våre at kjeldekritisk kompetanse er ein grunnleggjande dugleik. Men kva veit vi om korleis elevane opptrer på nett, og deira kjeldekritiske refleksjonar omkring bruken av dette mediet?


Korleis opptrer elevane på Internett?
Det er dessverre forska lite på korleis elevane opptrer på Internett. Anders Eklöf ved Högskolen i Malmø er den personen som har forska mest på dette. Forskinga hans viser at vi lærarar har liten metodisk kompetanse om korleis vi skal jobbe med kjeldekritikk i skolen. Vidare er vi lærarar usikre på korleis vi skal utøve kjeldekritikk på Internett. Dessutan veit vi for lite om kva for strategiar elevane bruker når dei utøvar kjeldekritikk. Anders Eklöf har funne ut følgjande om korleis elevane opptrer på Internett:


Elevane manglar søkjestrategiar.
- Oppgåvene som elevane får, styrer bruken av kjeldekritikk.
- Elevane bruker IKT reproduserande og i mindre grad reflekterande.
- Elevane søkjer informasjon for å finne svar på spørsmåla sine og i mindre grad for å skape meining.
- Haldninga og motivasjonen til elevane påverkar kva dei får ut av informasjonssøkinga.


Faktorar som påverkar elevane
Det er fleire faktorar som påverkar elevane når dei arbeider med kjeldekritikk. Eklöf peikar på desse faktorane:

- Mangel på kunnskap og dugleikar
- Utforminga av oppgåvene
- Forkunnskapane til elevane
- Skolekulturen
- Innstillinga og motivasjonen til elevane
- Samhandlinga mellom lærar og elev
- Teknologien

Vi skal sjå på nokre av desse faktorane.


Mangel på kunnskap og dugleikar
Elevane manglar i stor grad informasjonsdugleikar, særleg i det å søkje etter informasjon. Dei «googlar», det vil seie at dei bruker berre søkjemotoren Google når dei skal hente inn informasjon. Eit søk i Google om holocaust gir elevane over 29 millionar treff, det er som å seie «Godt nytt! Vi har lokalisert tingen du leitar etter. Han oppheld seg på jorda!»

Det er viktig at elevane kjenner til kva som særpregar søkjemotorar og Internett. Ein måte å gjere dette på er å la elevane presentere dagens faglege nettstad. Dei gjer greie for korleis dei fann nettstaden, kvaliteten på innhaldet på nettstaden, og gir ei kjeldekritisk vurdering av den. På den måten får elevane jamleg trening i å søkje på Internett og ein kan setje i gong ein samtale om nettstaden og om kjeldekritikk, og på denne måten skape medvit omkring bruk av informasjon frå Internett.

Ein annan måte kan vere å innføre ein søkjekonkurranse som går kvar veke, der elevane får ei oppgåve som dei skal løyse. Knytt til emnet holocaust, kan oppgåva vere slik:
«Kvar låg utryddingsleirane til tyskarane? Skriv kort med eigne ord kva du har funne. Skriv også korleis du søkte og nettadressene der du har funne svara. Ta med ei kjeldekritisk vurdering av kjeldene.»

På denne måten får vi styrkt elevane sin kompetanse når det gjeld ulike typar kjelder, og korleis Internett er bygd opp. Ofte ser ikkje elevane forskjell på ei nettside som er produsert av ein universitetsinstitusjon og ein «wikipedia». Å få fram kva som særpregar ein «wiki», slik det er gjort i elevteksten knytt til Wikipedia, er viktig. Dersom elevane berre ser på dei ulike nettsidene som eit objekt, og ikkje ser på kva for type nettside det er og korleis den er produsert, så går ein glipp av ei vurdering av verdien av nettsida. Derfor er det viktig at elevane får ei forståing av kva Internett er. Internett i seg sjølv blir med andre ord eit viktig studieobjekt når det gjeld å byggje opp den kjeldekritiske kompetansen hos elevane.

På same måte blir studiet av ulike søkjemotorar og korleis dei ulike søkjemotorane fungerer,ein viktig del av kompetansebygginga. Dessutan ser vi også at nettet i stadig større grad inneheld samansette tekster, med lyd, bilete og film. Dermed blir kunnskap om lyd, bilete og film viktigare, ikkje minst om korleis slike tekster kan manipulerast i dagens digitale kvardag.


Skolens kultur og utforminga av oppgåvene
Korleis vi utformer oppgåvene elevane skal løyse, påverkar i stor grad korleis elevane søkjer på Internett,og det igjen korleis elevane arbeider med kjeldekritikk. Dersom vi i stor grad ber elevane løyse oppgåver som er reproduserande, der dei ser på oppgåva som å tilpasse andre forfattarars tekster til ein ny heilskap, og der fakta blir det einaste viktige, så blir ikkje elevane stimulerte til å halde seg kjeldekritisk til dei tekstene dei arbeider med. Dersom elevane ser på oppgåva si som å finne svar på dei faktaspørsmåla vi lærarar stiller, kvifor skal dei da vere kritiske til den informasjonen dei finn?

I dagens skolekultur slik den er å finne i mange lærebøker, handlar mykje om å plukke fakta ut av enkeltståande tekster. Faren er at elevane kjem til å bruke Internett som kunnskapsbase, slik dei tradisjonelt har brukt læreboka og oss lærarar som kunnskapsbase. I forlenginga av dette loser vi elevane inn på trygge sider på Internett som erstatning for læreboka. Dette kan føre til at elevane hamnar i ein falsk tryggleik og overfører denne til andre delar av nettet. Dessutan lar vi elevane gå glipp av Internetts styrke, det rommet for fleire stemmer som er der. Det blir derfor viktig å lage oppgåver som stimulerer eleven til å kommunisere noko med tekstene sine, la eleven bli produsent i staden for konsument.

Ein måte å gjere dette på kan vere å gi elevane oppgåver der tekstene deira har reelle mottakarar, det kan vere elevar i andre land, elevar på eit lågare skoletrinn. Ein kan for eksempel la elevane lage ein «fagwiki» i historie med vekt på holocaust. «Wikiverktøyet» Wetpaint er eit gratisverktøy og er enkelt å bruke, både for elevar og lærarar. Eit eksempel her kan vere denne «fagwikien» i samfunnskunnskap. Og kvifor ikkje la elevane lage ein «podkast» om emnet?

Elevane vil undervegs i søkjeprosessen kjenne seg usikre og tvilande til arbeidet med problemstillinga. Det er derfor viktig at vi som lærarar rettleier elevane grundig i denne prosessen. For å få til det må vi ha løyst oppgåva sjølv, gjort dei nødvendige søka på nettet sjølv, slik at vi kan hjelpe elevane vidare.


Modell for kjeldekritikk
Det er utvikla mange ulike modellar for korleis ein skal vudere eit historisk materiale kjeldekritisk. I mange av modellane handlar det framleis i for stor grad om kven som har lagt ut nettsida og når. Denne modellen går igjen i ein del samanhengar:

- Ver alltid kritisk
- Ha fokus på det du er på jakt etter
- Sjekk andre kjelder
- Kven er sendaren?
- Kva for autoritet?
- Kor aktuelt?
- Kva slags type nettstad?

Ein veikskap ved slike modellar er at innhaldet i teksta ikkje er ein del av granskinga. Det er viktig at vi finn ut kva slags tekst vi har med å gjere. Det avgjer kor påliteleg teksten er. Kva fortel den om fortida, og kva for ein posisjon til fortida står forfattaren i? Dette er nokre relevante spørsmål vi kan stille til innhaldet, meir støtte kan du finne i læreboka Arbeidsportal.


Vegen å gå
Korleis bør vi så gå fram for å øve opp elevane sine kjeldekritiske dugleikar?
Her kjem nokre forslag:

- Ei gjennomtenkt undervisning gir auka kompetanse.
- Kjeldekritikk bør ein ikkje berre knyte til historiefaget. Det bør gå igjen som ein raud tråd i alle fag.
- Kjeldekritiske øvingar bør ein knyte til det emnet som elevane arbeider med.
- Vi bør alltid stille krav til kjeldekritiske resonnement.
- Kjeldekritiske spørsmål bør ein ta opp undervegs i elevane sitt arbeid.
- Kjeldekritiske spørsmål bør ein ta opp i etterarbeid og vurdering og i dei tilbakemeldingane ein gir elevane.


Sluttord
«Kunnskap om nettet, nettet sin struktur, søkjemotorar og søkjeteknikk er ein nødvendig føresetnad for å kunne føre kjeldekritiske resonnement omkring arbeidet på Internett. Om ein lærar ikkje har grunnleggjande forståing for korleis ulike søkjemotorar fungerer, blir det umogleg å resonnere rundt dei treffa elevane får. Dersom læraren manglar denne kompetansen, risikerer vi at elevane blir styrt einsidig mot autoritative sider og mistar poenget med å arbeide med Internett, mangfaldet av stemmer.»
(Anders Eklöf)

Inn i jungelen
Nettressurs utvikla av Skolenettet handler om å finne, vurdere og presentere informasjon. Nettressursen inneheld også ein SMART måte for å sjekke informasjonen du finn.

PIM – rettleiing i kjeldekritikk
Rettleiing, studiesirkel og hjelp i kvardagen om bruk av IKT, utvikla av det svenske utdanningsdepartementet.

Jan-Arve Overlands blogg om kjeldekritikk
Ein av kategoriane på Jan-Arve Overland sin blogg handlar om kjeldekritikk.

Lenkjesamling om kjeldekritikk
Jan-Arve Overlands favorittar om kjeldekritikk, samla i ei teneste som heiter Del.icio.us. I staden for å samle eigne favorittar på eiga datamaskin, kan ein leggje dei ut her. På den måten kan ein finne dei att berre ved tilgang til Internett, samt at ein kan dele favorittane sine med andre. I tillegg er dette ein høveleg stad dersom ein er på jakt etter andre sine favorittar.


Anna
System i galskapen: Om digital organisering av kunnskap og læring etter web 2.0. av Tord Høivik


Kjelder

Anders Eklöf, ”Medvetande och kultur
Henta 22.03.07

Göran Leht og Torsten Thurén, ”Källkritikk för Internet”: http://www.psycdef.se/templates/PublicationItem____219.aspx.
Henta 22.03.07



Jan-Arve Overland