Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Bruk av Internett  >  Korleis opptrer elevane på Internett?
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Korleis opptrer elevane på Internett?

Det er dessverre forska lite på korleis elevane opptrer på Internett. Anders Eklöf ved Högskolen i Malmø er den personen som har forska mest på dette. Forskinga hans viser at vi lærarar har liten metodisk kompetanse om korleis vi skal jobbe med kjeldekritikk i skolen. Vidare er vi lærarar usikre på korleis vi skal utøve kjeldekritikk på Internett. Dessutan veit vi for lite om kva for strategiar elevane bruker når dei utøvar kjeldekritikk. Anders Eklöf har funne ut følgjande om korleis elevane opptrer på Internett:

Elevane manglar søkjestrategiar
  • Oppgåvene som elevane får, styrer bruken av kjeldekritikk.
  • Elevane bruker IKT reproduserande og i mindre grad reflekterande.
  • Elevane søkjer informasjon for å finne svar på spørsmåla sine og i mindre grad for å skape meining.
  • Haldninga og motivasjonen til elevane påverkar kva dei får ut av informasjonssøkinga.

Faktorar som påverkar elevane

Det er fleire faktorar som påverkar elevane når dei arbeider med kjeldekritikk. Eklöf peikar på desse faktorane:
  • Mangel på kunnskap og dugleikar
  • Utforminga av oppgåvene
  • Forkunnskapane til elevane
  • Skolekulturen
  • Innstillinga og motivasjonen til elevane
  • Samhandlinga mellom lærar og elev
  • Teknologien

Vi skal sjå på nokre av desse faktorane.