Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Bruk av Internett  >  Modell for kjeldekritikk
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Modell for kjeldekritikk

Det er utvikla mange ulike modellar for korleis ein skal vurdere eit historisk materiale kjeldekritisk. I mange av modellane handlar det framleis i for stor grad om kven som har lagt ut nettsida og når. Denne modellen går igjen i ein del samanhengar:
  • Ver alltid kritisk
  • Ha fokus på det du er på jakt etter
  • Sjekk andre kjelder
  • Kven er sendaren?
  • Kva for autoritet?
  • Kor aktuelt?
  • Kva slags type nettstad?

Ein veikskap ved slike modellar er at innhaldet i teksten ikkje er ein del av granskinga. Det er viktig at vi finn ut kva slags tekst vi har med å gjere. Det avgjer kor påliteleg den er. Kva fortel den om fortida, og kva for ein posisjon til fortida står forfattaren i? (Meir om dette i "Arbeidsportal" s. 5-24).


Vegen å gå
Korleis bør vi så gå fram for å øve opp elevane sine kjeldekritiske dugleikar?
Her kjem nokre forslag:
  • Ei gjennomtenkt undervisning gir auka kompetanse.
  • Kjeldekritikk bør ein ikkje berre knyte til historiefaget. Det bør gå igjen som ein raud tråd i alle fag.
  • Kjeldekritiske øvingar bør ein knyte til det emnet som elevane arbeider med.
  • Vi bør alltid stille krav til kjeldekritiske resonnement.
  • Kjeldekritiske spørsmål bør ein ta opp undervegs i elevane sitt arbeid.
  • Kjeldekritiske spørsmål bør ein ta opp i etterarbeid og vurdering og i dei tilbakemeldingane ein gir elevane.

Om kjeldekritikk, utvikla av Universitetsbiblioteket i Trondheim
Ressursen presenterer fire nyttige kriterium når ein skal vurdere informasjon: Kor truverdig, objektiv, nøyaktig og eigna er informasjonen?

PIM – rettleiing i kjeldekritikk
Rettleiing, studiesirkel og hjelp i kvardagen om bruk av IKT, utvikla av det svenske utdanningsdepartementet.

Jan-Arve Overlands blogg om kjeldekritikk
Ein av kategoriane på Jan-Arve Overland sin blogg handlar om kjeldekritikk.

Lenkjesamling om kjeldekritikk
Jan-Arve Overlands favorittar om kjeldekritikk, samla i ei teneste som heiter Del.icio.us. I staden for å samle eigne favorittar på eiga datamaskin, kan ein leggje dei ut her. På den måten kan ein finne dei att berre ved tilgang til Internett, samt at ein kan dele favorittane sine med andre. I tillegg er dette ein høveleg stad dersom ein er på jakt etter andre sine favorittar.