Du er her: Hovudsida  >    >  Læreplanen
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
Kompetansemål i faget

Kompetansemål etter Vg2 i studieførebuande utdanningsprogram

Historieforståing og metodar

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • finne og vurdere historisk materiale som kjelder og bruke det i historiske framstillingar
  • presentere ein historisk person og diskutere korleis samtidige samfunnsrammer påverka handlingane til denne personen
  • bruke digitale verktøy til å hente informasjon frå ulike medium og vurdere han kjeldekritisk i eigne framstillingar
  • identifisere ulike historiske forklaringar og diskutere korleis slike forklaringar kan prege historiske framstillingar
  • forklare kvifor historikarar og andre deler tidsløp inn i periodar og diskutere kva kriterium som ligg til grunn for dette
Samfunn og menneske i tid

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme tidlege samfunn
  • samanlikne to eller fleire antikke samfunn og diskutere kva antikken har hatt å seie for moderne politikk, arkitektur og annan kunst
  • gjere greie for eit utval av sentrale økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i mellomalderen
  • presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område
  • gjere greie for samfunnsforhold og statsutvikling i Noreg frå ca. 700 til ca. 1500 og diskutere mogleg påverknad frå andre kulturar, samfunn og statar
  • gjere greie for sentrale trekk ved samisk historie og diskutere samane sitt forhold til statar med samisk busetnad fram til omkring 1850
  • forklare drivkrefter bak den europeiske oversjøiske ekspansjonen og diskutere kulturmøte, sett frå ulike perspektiv
  • gjere greie for næringsutvikling i Noreg frå ca. 1500 til ca. 1800 og analysere verknadene for sosiale forhold i denne perioden
  • gjere greie for utviklinga og endringa av styringsformer i Europa frå slutten av mellomalderen til siste del av 1700-talet
  • gjere greie for årsaker til at folkegrupper emigrerer, og drøfte konsekvensar av møtet deira med andre kulturar

Kompetansemål etter Vg3 i studieførebuande utdanningsprogram

Historieforståing og metodar

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • identifisere og vurdere historisk materiale av ulik art og opphav som kjelder, og bruke det i eigne historiske framstillingar
  • bruke digitale verktøy til å planleggje, gjennomføre og presentere ei problemorientert undersøking ut frå eigne spørsmål til eit historisk materiale
  • presentere ein historisk person og drøfte korleis samtidige idear og samfunnsforhold påverka tenkjemåten og handlingane til denne personen
  • tolke og bruke historisk talmateriale i fagleg arbeid
  • utforske ulike korte historiske framstillingar av ei og same hending, og diskutere forfattarane sitt val av innfallsvinkel og spørsmålsstilling
  • gi eksempel på kontroversielle historiske emne og drøfte motstridande årsaksforklaringar til ei historisk hending
  • undersøkje korleis eigne førestellingar om fortida er blitt forma og diskutere kva faktorar som gjer at menneska kan ha ulike oppfatningar om fortida
  • drøfte korleis historie er blitt brukt og blir brukt i politiske samanhengar
  • gi eksempel på og drøfte kva utstillingar, minnesmerke, minnedagar eller markeringa av bestemte historiske hendingar har å seie for notida
Samfunn og menneske i tid

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • drøfte korleis idear frå opplysningstida påverka og blei påverka av samfunnsomveltingar på 1700- og 1800-talet
  • gjere greie for hovudtrekk ved den industrielle revolusjonen og undersøkje kva han fekk å seie for næringsutvikling og sosiale forhold i det norske samfunnet
  • gjere greie for demokratiutvikling i Noreg frå 1800-talet og fram til 1945 og analysere drivkreftene bak denne utviklinga
  • presentere sentrale trekk ved kolonialismen og situasjonen i eit ikkje-europeisk område på 1800-talet, sett frå ulike perspektiv
  • drøfte korleis nasjonalstaten har skapt nasjonalt og kulturelt samhør, men også konfliktar og undertrykking
  • vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet
  • gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet
  • gjere greie for nokre økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i Noreg etter 1945
  • gjere greie for den politikken den norske nasjonalstaten førte overfor urfolk, nasjonale og etniske minoritetar på 1800- og 1900-talet, og diskutere nokre konsekvensar av denne politikken
  • undersøkje to eller fleire internasjonale konfliktar etter 1945, og vurdere konfliktane, sett frå ulike perspektiv
  • finne eksempel på hendingar som har forma historia til eit ikkje-europeisk land etter 1900, og reflektere over korleis landet kunne ha utvikla seg om desse hendingane ikkje hadde skjedd
  • undersøkje bakgrunnen for ein pågåande konflikt, og drøfte reaksjonar i det internasjonale samfunnet
  • gi eksempel på korleis ulike uttrykk innanfor musikk, arkitektur eller biletkunst i ein tidsperiode kan sjåast i samanheng med utviklinga på andre samfunnsområde
  • gjere greie for korleis arbeidsliv og arbeidsdeling mellom kjønna har endra seg i Noreg frå 1800-talet og fram til i dag
  • gjere greie for befolkningsutviklinga i eit lokalsamfunn over ein lengre periode og diskutere kva faktorar som har hatt noko å seie for livssituasjonen til innbyggjarane

Kompetansemål etter Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
140 årstimar

Historieforståing og metodar

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • forklare kvifor historikarar og andre deler tidsløp inn i periodar og diskutere kva kriterium som ligg til grunn for dette
  • finne og vurdere historisk materiale av ulik art og opphav som kjelder, og bruke det i eigne historiske framstillingar
  • bruke digitale verktøy til å planleggje, gjennomføre og presentere ei problemorientert undersøking ut frå eigne spørsmål til eit historisk materiale
  • presentere ein historisk person og diskutere korleis samtidige samfunnsrammer påverka handlingane til denne personen
  • tolke og bruke historisk talmateriale i fagleg arbeid
  • utforske ulike korte historiske framstillinger av ei og same hending, og diskutere forfattarane sitt val av innfallsvinkel og spørsmålsstilling
  • drøfte korleis historie er blitt brukt og blir brukt i politiske samanhengar
  • undersøkje korleis eigne førestellingar om fortida er blitt forma og diskutere kva faktorar som gjer at menneska kan ha ulike oppfatningar om fortida
  • gi eksempel på og drøfte kva utstillingar, minnesmerke, minnedagar eller markeringa av bestemte historiske hendingar har å seie for notida
Samfunn og menneske i tid

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme tidlege samfunn
  • samanlikne to eller fleire antikke samfunn og diskutere kva antikken har hatt å seie for moderne politikk, arkitektur og annan kunst
  • presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område
  • gjere greie for samfunnsforhold og statsutvikling i Noreg frå ca. 700 til ca. 1500 og diskutere mogleg påverknad frå andre kulturar, samfunn og statar
  • gjere greie for sentrale trekk ved samisk historie og diskutere samane sitt forhold til statar med samisk busetnad fram til omkring 1850
  • drøfte korleis idear frå opplysningstida påverka og blei påverka av samfunnsomveltingar på 1700- og 1800-talet
  • gjere greie for næringsutvikling i Noreg frå ca. 1500 til ca. 1800 og analysere verknadene for sosiale forhold i denne perioden
  • gjere greie for hovudtrekk ved den industrielle revolusjonen og undersøkje kva han fekk å seie for næringsutvikling og sosiale forhold i det norske samfunnet
  • gjere greie for demokratiutvikling i Noreg frå 1800-talet og fram til 1945 og analysere drivkreftene bak denne utviklinga
  • presentere sentrale trekk ved kolonialismen og situasjonen i eit ikkje-europeisk område, sett frå ulike perspektiv
  • drøfte korleis nasjonalstaten har skapt nasjonalt og kulturelt samhør, men også konfliktar og undertrykking
  • vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet
  • gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet
  • gjere greie for nokre økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i Noreg etter 1945
  • gjere greie for den politikken den norske nasjonalstaten førte overfor urfolk, nasjonale og etniske minoritetar på 1800- og 1900-talet, og diskutere nokre konsekvensar av denne politikken
  • undersøkje ein eller fleire internasjonale konfliktar etter 1945, og vurdere konfliktane, sett frå ulike perspektiv
  • finne eksempel på hendingar som har forma historia til eit ikkje-europeisk land etter 1900, og reflektere over korleis landet kunne ha utvikla seg om desse hendingane ikkje hadde skjedd
  • undersøkje bakgrunnen for ein pågåande konflikt, og drøfte reaksjonar i det internasjonale samfunnet
  • gi eksempel på korleis ulike uttrykk innanfor musikk, arkitektur eller biletkunst i ein tidsperiode kan sjåast i samanheng med utviklinga på andre samfunnsområde

Kompetansemål etter Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
113 årstimar for elevar med finsk som andrespråk

Historieforståing og metodar

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • forklare kvifor historikarar og andre deler tidsløp inn i periodar og diskutere kva kriterium som ligg til grunn for dette
  • finne og vurdere historisk materiale av ulik art og opphav som kjelder, og bruke det i eigne historiske framstillingar
  • bruke digitale verktøy til å planleggje, gjennomføre og presentere ei problemorientert undersøking ut frå eigne spørsmål til eit historisk materiale
  • presentere ein historisk person og diskutere korleis samtidige samfunnsrammer påverka handlingane til denne personen
  • tolke og bruke historisk talmateriale i fagleg arbeid
  • utforske ulike korte historiske framstillingar av ei og same hending, og diskutere forfattarane sitt val av innfallsvinkel og spørsmålsstilling
  • drøfte korleis historie er blitt brukt og blir brukt i politiske samanhengar
  • undersøkje korleis eigne førestellingar om fortida er blitt forma og diskutere kva faktorar som gjer at menneska kan ha ulike oppfatningar om fortida
  • gi eksempel på og drøfte kva utstillingar, minnesmerke, minnedagar eller markeringa av bestemte historiske hendingar har å seie for notida
Samfunn og menneske i tid

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • utforske eit eller fleire antikke samfunn og diskutere kva antikken har hatt å seie for vår samtid