Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Om Portal-verket
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Kort om komponentane i Portal-verket

Fellesfaget for studieførebuande, Vg2 og Vg3

Bøkene
Grunnbøkene gir elevane grunnleggjande kunnskap og oversikt over dei ulike tidsbolkane i historia. Eit hovudprinsipp har vore å vise at det er mange inngangar til fortida, og teksten er ofte bygd opp ut frå problemstillingar. Ingressen som opnar kvart kapittel, og avslutninga i form av Har du lært ...? skaper orden og systematikk i kapittelet.

Arbeidsportal gir god hjelp i arbeidet med teori og metode, med blant anna kjeldegranskingsskjema, eksempel og oppgåver. Arbeidsoppgåvene elles i Arbeidsportal er grupperte etter læreplanmål, og varierer i vanskegrad.

Fagnettstaden
Fagnettstaden gir utdjupande stoff og forslag til undervisningsopplegg til læraren, og mange og varierte oppgåver til elevane. Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.

Somme nettoppgåver har spørsmål som tek opp den kjeldekritiske sida ved å nytte Internett som informasjonskjelde, somme har spørsmål knytte til historisk metode og kjeldekritikk, somme tek utgangspunkt i bilete og lyd- og filmklipp, og alle viser til utvalde nettsider på Internett.

Lærarane kan etter behov leggje til spørsmål om metode og kjeldekritikk til nettoppgåvene. Hjelp til å formulere slike spørsmål, får dei gjennom dei to artiklane om søkjestrategiar som ligg på nettstaden, og ved å bruke kapittel 1 i Arbeidsportal, som tek for seg kjeldebruk i historie.


Historie påbygging, Vg3

Bok og nettstad
Boka har fått eit omfang og ein struktur som gjer det mogleg å komme gjennom alt stoffet på dei timane historie påbygging har. Det har nok gått noko ut over den problematiserande grunntonen i Portal-serien, men vi har lagt vekt på at alle elevar som vel påbygging til generell studiekompetanse, skal kunne nå måla i læreplanen utan for store problem.

Nettstaden er like skreddarsydd til påbyggingskurset som boka er, men dei som bruker verket Portal, vil også ha tilgang til heile den store fagnettstaden til Portal.

Forslag til dei som bruker dei tre Portal-bøkene også i historie påbygging
Fleire av dykk vil halde fram med å bruke Portal-verket også i historie påbygging. Under finn du ein plan med forslag til sidetal i desse tre bøkene, som til saman dekkjer læreplanmåla. På denne måten vil ein nyte godt av dei innhaldsrike bøkene og dei flotte bileta, men få hjelp til å tilpasse undervisninga til den avgrensa tida ein har.

Last ned word-dokument om korleis du kan bruke Portal i historie påbygging