Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Web-verktøy
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Web-verktøy

Å kunne bruke digitale verktøy er ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene. Å bruke ein pc som søkjeverktøy og som skrivemaskin begynner å bli ei kvardagsleg ferdigheit, men det finst mange hjelpemiddel og verktøy som er tilgjengelege på Internett, gratis og oftast utan store krav til førehandskunnskapar. Her har vi prøvd å finne fram til ein del slike nyttige verktøy. Vi har teke utgangspunkt i at dei skal vere gratis, og at dei reint konkret skal kunne brukast i historieundervisninga, men dei kan også brukast i andre fag. Vidare har vi lagt vekt på at tenesta ikkje sender ut søppelpost, og at adressa ikkje blir seld vidare.

Nokre tips før ein går i gang
Dei aller fleste web-verktøy krev at elevane registrerer ein konto på nettstaden. Eit tips er å lage seg eit fast brukarnamn og passord til bruk på alle slike sider. På den måten slepp ein å måtte handtere mange ulike kombinasjonar. Yahoo, Gmail og Hotmail er alle veletablerte nettbaserte e-posttenester, og det kan vere greitt å ha ein eigen konto hovudsakleg til ulike nettkonti. Da slepp ein å få alle stadfestingsmailar til den e-postadressa ein bruker dagleg.

Nettbaserte kontorverktøy
Googles Docs/Dokumenter er etter kvart blitt veletablert. Det er ei teneste som følgjer med ein Google-konto, som igjen gir brukaren både biletlagring, blogg, kalender, nyheitslesar og altså dokument. Den store fordelen med Google Docs er at dokumenta kan delast mellom brukarar, og dermed kan fleire brukarar redigere og bruke dokumentet. Det gir ei elegant løysing på problemet som oppstår når ei gruppe skal presentere, men den som har lysbiletframvisinga eller dokumentet, er blitt sjuk, og dermed står gruppa der utan materialet sitt – fint for både lærarar og elevar! Det kan vere greitt å vite at endringar i dokumentet skjer i reell tid, og ein kan derfor oppleve at heile avsnitt blir borte framfor auga på ein fordi ein annan med tilgjenge til dokumentet nettopp har sletta det avsnittet. Men med Google-konto følgjer ei e-postadresse og med den ei chatte-teneste, og den innlysande løysinga er da å ha eit chatte-vindauge ope mens ein redigerer. Og sjølvsagt bør ein alltid leggje endringar, særleg utstrykingar, i eit eige dokument slik at dei ikkje er tapte for alltid.

Google Docs tilbyr i dag tekstbehandlar (Word), rekneark (Excel), og lysbiletframvisingar (PowerPoint, Impress). Alle dokumenta kan kjørast direkte frå ein nettlesar, og det er ikkje nødvendig med nedlastingar, jamvel om Google Docs faktisk også tilbyr eit nedlastbart program som lèt ein arbeide med dokumenta sine i fråkopla modus.

For dei spesielt interesserte kan det vere greitt å vite at tekstbehandlaren til Google Docs kan eksporterast til pdf, html, doc, odt, rtf og txt mfl. Reknearka kan eksporterast til pdf, odt, txt, html og xls mfl, og lysbiletframvisingane kan eksporterast til ppt, pdf og txt. For brukarar av Open Office er det verdt å merkje seg at Google Docs på det noverande tidspunktet verken eksporterer til eller kan laste opp odp-format.

SlideRocket er ei teneste for lysbiletframvisingar, og den store fordelen er at ein kan lage elegante lysbiletshow. Her må ein også registrere seg og velje «program» – hugs å velje gratisversjonen!

Prate-tenester (chat) og mikroblogging (Twitter)
Dei aller fleste tenåringar er i dag anten på MSN, Facebook, Skype, Yahoo eller andre nettsider som gir høve til chat (direkte prat). Chatting kan stele mykje tid frå undervisninga, men kan også vere eit nyttig verktøy – det er for eksempel fullt mogleg å diskutere redigeringar på Google Docs gjennom eit chattevindauge, og på den måten vere einige om endringar.

Twitter er ei mikrobloggingsteneste, men gir ein også høve til å sende direktemeldingar til andre brukarar. Tanken er at ein legg ut eit mikroblogginnlegg om noko ein er oppteken av, og nemninga mikroblogg kjem av at ein berre kan leggje ut meldingar som er opp til 140 teikn, altså om lag som ein SMS. På Twitter må ein registrere seg med ein profil, og så legg ein til andre brukarar som ein vil følgje oppdateringane til. Brukt på den rette måten kan Twitter vere ein rask måte å få tilbakemeldingar på når ein har eit konkret problem – nokon i nettverket ditt veit kanskje korleis du skal løyse det. Vidare er det no ein trend at politikarar bruker Twitter som ein måte å nå veljarane sine på, og det er verdt å merkje seg at Barack Obama brukte Twitter aktivt i valkampen – noko å tenkje på for elevar som driv med nyare historie?

Tidslinjeverktøy
Tidslinjer er nyttige fordi dei gir oversikt over større periodar, men dei er aller mest nyttige når elevane lagar dei sjølve, og dipity.com er ei gratis teneste som lèt elevane gjere nettopp det. Dipity krev at elevane registrerer seg med eit brukarnamn og eit passord. Ulempa med Dipity er at det enno ikkje er mogleg å leggje inn noko som skjedde før vår tidsrekning, og nytten er dermed avgrensa når det gjeld eldre historie. Likevel er det ei pen og delikat løysing som lèt elevane leggje inn bilete, tekst (skrive oppgåva på Dipity og sende læraren ei lenkje?) og videosekvensar. Her er det lett å lage gode samansette tekstar! Her er ei lenkje som fortel litt om korleis ein bruker Dipity.

Xtimeline er ei anna teneste som tilbyr det same. Denne sida lèt ein bruke årstal frå før vår tidsrekning. Resultatet er ikkje like pent å sjå på, men ein kan gjere det same som i Dipity. Også her krevst brukarnamn og passord.

Teikneseriar og animasjonar
Her kan vi anbefale GoAnimate, ei nettside der ein kan lage små animasjonsfilmar. På StripGenerator og ToonDoo kan elevane lage teikneseriar. Det kan vere bra når dei skal arbeide med empati eller sosialhistorie, eller når dei skal illustrere vanlege prosjektoppgåver. Mange elevar er kreative og morosame, og her kan dei få utløp for litt kreativitet. Eigenproduserte animasjonsfilmar og teikneseriar som er relevante, kan vere med på å forsterke poenga i teksten.

Veggavis – Glogster
Glogster er ei teneste som gir den gode gamle veggavisa nytt liv. På glogster.com/edu kan du som lærar registrere deg med ein såkalla master-konto, og da kan du få brukarnamn og passord til opp til 200 elevar. Fordelen er at når elevane gløymer passordet sitt, har læraren det! Om dette ikkje er ønskjeleg, kan elevane også sende ei lenkje. Når elevane så lagar ein glogster, får læraren automatisk tilgjenge til denne glogsteren og kan gi han karakter direkte på sida.

Kva kan elevane gjere med glogster? Dei kan skrive, setje inn bilete, animasjonar (som dei sjølve har laga på GoAnimate?), og dei kan lenkje til andre «gloggar». Sida er lett å bruke, men for å kunne bruke norske bokstavar må ein bruke fonten Arial. Slike sider er ypparlege når ein skal lage oversikter over litt større emne, for eksempel læreplanmålet «vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet».

Tankekart
Bubbl.us tilbyr gratis tankekart, som er enkle i bruk og blir fine. Kvart tankekart får si eiga lenkje og høver derfor også godt til deling. For å kunne lagre tankekarta må ein registrere seg med brukarnamn og passord.

Lovleg musikk på Internett
Det er ikkje noko problem å finne musikk på Internett, men å finne lovleg musikk kan vere noko heilt anna. Det er verdt å vite at ein del artistar har brukarprofil på nettsamfunnet MySpace, og det er ganske vanleg at dei legg ut musikk som ein kan spele av frå nettsida (streaming). Nedlasting er ikkje mogleg, men denne musikken er tilgjengeleg og lovleg å bruke. MySpace krev brukarnamn og passord, men er gratis og enkelt å bruke – når ein først er inne på MySpace, kan ein søkje på artistnamn og komme til profilsida til vedkommande artist. Det kan vere greitt å skru av lyden på pc-en før ein surfar mens ein er prøvevakt, for ein del artistsider begynner nemleg å spele musikk med ein gong sida blir lasta …

YouTube kan ein finne det mest utrulege, både musikkvideoar, nyheitsklipp, gamle talar («I Have a Dream», «Yes, We Can»), filmklipp frå spelefilmar og ei heil mengd som er laga av brukarane av YouTube. Eit tips er at ein kontrollerer korleis filmen ser ut når ein får han opp på full skjerm – er han uklar på din eigen skjerm, er han garantert uklar på storskjerm!
Til sist er det verdt å nemne Spotify. Spotify er også ei avspelingsteneste, men her kan ein søkje i eit enormt bibliotek og stort sett finne det ein vil av musikk. For å bruke Spotify gratis må ein ha ein invitasjon frå brukarar, og slike invitasjonar er det ikkje så lett å få tak i. Utan invitasjon må ein betale kr 99,- per time, og det er kanskje verdt å vurdere det. Uansett får ein eit brukarnamn og eit passord, og så lastar ein ned eit lite program som er ein musikksøkjar og ein musikkspelar i eitt, og så er ein i gang.