Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Web-verktøy   >  Å kunne bruke digitale verktøy
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Å kunne bruke digitale verktøy

Å kunne bruke digitale verktøy er ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene. Å bruke ein pc som søkjeverktøy og som skrivemaskin begynner å bli ei kvardagsleg ferdigheit, men det finst mange hjelpemiddel og verktøy som er tilgjengelege på Internett, gratis og oftast utan store krav til førehandskunnskapar.

Her har vi prøvd å finne fram til ein del slike nyttige verktøy. Vi har teke utgangspunkt i at dei skal vere gratis, og at dei reint konkret skal kunne brukast i historieundervisninga, men dei kan også brukast i andre fag. Vidare har vi lagt vekt på at tenesta ikkje sender ut søppelpost, og at adressa ikkje blir seld vidare.