Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Web-verktøy   >  Lovleg musikk på Internett
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Lovleg musikk på Internett

Det er ikkje noko problem å finne musikk på Internett, men å finne lovleg musikk kan vere noko heilt anna. Det er verdt å vite at ein del artistar har brukarprofil på nettsamfunnet MySpace, og det er ganske vanleg at dei legg ut musikk som ein kan spele av frå nettsida (streaming). Nedlasting er ikkje mogleg, men denne musikken er tilgjengeleg og lovleg å bruke. MySpace krev brukarnamn og passord, men er gratis og enkelt å bruke – når ein først er inne på MySpace, kan ein søkje på artistnamn og komme til profilsida til vedkommande artist. Det kan vere greitt å skru av lyden på pc-en før ein surfar mens ein er prøvevakt, for ein del artistsider begynner nemleg å spele musikk med ein gong sida blir lasta.

YouTube kan ein finne det mest utrulege, både musikkvideoar, nyheitsklipp, gamle talar («I Have a Dream», «Yes, We Can»), filmklipp frå spelefilmar og ei heil mengd som er laga av brukarane av YouTube. Eit tips er at ein kontrollerer korleis filmen ser ut når ein får han opp på full skjerm – er han uklar på din eigen skjerm, er han garantert uklar på storskjerm!

Til sist er det verdt å nemne Spotify. Spotify er også ei avspelingsteneste, men her kan ein søkje i eit enormt bibliotek og stort sett finne det ein vil av musikk. For å bruke Spotify gratis må ein ha ein invitasjon frå brukarar, og slike invitasjonar er det ikkje så lett å få tak i. Utan invitasjon må ein betale kr 99,- per time, og det er kanskje verdt å vurdere det. Uansett får ein eit brukarnamn og eit passord, og så lastar ein ned eit lite program som er ein musikksøkjar og ein musikkspelar i eitt, og så er ein i gang.