Du er her: Hovudsida  >    >  Ordforklaringar
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Ordforklaringar

Adel Ei gruppe i samfunnet med spesielle rettar som skilde dei ut frå resten av befolkninga. Slike rettar kunne vere skattefridom og einerett til stillingar i statsadministrasjonen og til offisersstillingar i hæren. Adelskap gjekk ofte i arv

Allianse Avtale mellom to partar der dei lovar å hjelpe kvarandre

Allianse, militær Bindande avtale om militært samarbeid mellom to eller fleire land, der partane er villige til å gå til krig under visse vilkår

Annektere Tileigne seg eller erobre området til ein annan stat, oftast med militær makt

Antisemittisme Fellesomgrep for jødefiendtlege haldningar som spring ut av både tru og rasefordommar

Antikken Perioden i europeisk historie frå ca. 500 f.Kr. til ca. 500 e.Kr.

Appeasement Politikk som går ut på å gi etter for ein aggressiv stat eller statsleiar for å unngå krig. Omgrepet blei først brukt om det forsøket den britiske statsministeren Neville Chamberlain gjorde for å skape forhold som var så akseptable for Adolf Hitler at han ikkje ville gå til krig

Arbeidarklasse Menneske som er tilsette i den direkte produksjonen av varer og tenester, men som ikkje sjølve står som eigarar av verksemda. Omgrepet arbeidarklasse oppstod i samband med industrialiseringa på 1800-talet, da arbeidarar blei samla i fabrikkane

Aristokrati Styreform der makta ligg hos adelen eller andre som arvar makta

Borgarkrig Organiserte væpna kampar mellom innbyggjarar i same stat

Borgarskap I mellomalderen knytt til retten til å drive handel eller handverk i ein by. I Frankrike var borgarskapet seinare ein viktig del av tredjestanden. Kan også bli brukt synonymt med kapitalist eller om dei som støttar kapitalismen. I det siste tilfellet kan ein også bruke omgrepet borgarleg.

Byråkrati Eit system for styring av ein stat ved hjelp av statstilsette

Conquistador Spansk soldat, oppdagar eller lykkejeger som var med under erobringa av Amerika på 1500-talet

Deflasjon Fallande prisar og lønningar, det vil seie aukande pengeverdi

Demografi Vitskapen om korleis menneskelege befolkningar er samansette og utviklar seg

Demografisk krise Eit kortare tidsrom med uvanleg mange dødsfall

Demokrati Styreform der folket avgjer. Folket gjer seg gjeldande anten ved sjølv å ta del (direkte demokrati) eller gjennom valde representantar (representativt demokrati)

Domenejord Den delen av jorda som føydalherren sjølv kontrollerte i mellomalderen

Dynasti Rekkje av keisarar eller kongar av same slekt

Dyrtida Åra 1917–1920 i Noreg, da prisane steig raskare enn lønningane

Einevelde Styreform der éin person i prinsippet har all makt. Særleg brukt om kongedømma i Europa på 1600- og 1700-talet (for eksempel Frankrike og Danmark-Noreg)

Ekspansjon Auke, vekst, større utbreiing – ofte utviding av eige territorium

Embetsmann Person som er tilsett i ei høgare stilling i administrasjonen av ein stat

Emigrant Utvandrar

Emigrasjon Utvandring

Entente Utanrikspolitisk avtale mellom to eller fleire land som inneheld lovnader om konsultasjon og diplomatisk støtte. Ein entente er mindre forpliktande enn ein allianse

Epidemi Auka hyppigheit og førekomst av sjukdommar eller auka hyppigheit av dødsfall blant grupper av menneske innanfor eit avgrensa eller definert tidsrom

Etnisk reinsing Omgrep som blir brukt om forsøk på å fjerne folkegrupper eller etniske grupper frå eit område. Metodane kan vere tvangsflytting og massedrap

Eurasia Område som omfattar Europa og Asia. Somme inkluderer også Nord-Afrika i nemninga

Eurosentrisme Ein måte å sjå verda på som set Europa i sentrum

Fascisme Ei valdeleg, antidemokratisk rørsle, grunnlagd av Benito Mussolini i Italia i 1919. Fascismen var nasjonalistisk, antiliberalistisk og antisosialistisk. Den tyske nazismen var ein ekstrem variant av fascismen, med rasisme og spesielt antisemittisme som eit berande element

Folkefront Antifascistiske valforbund og regjeringskoalisjonar som kommunistpartia tok initiativ til i åra 1934–1939

Folkemord Systematisk drap på menneske på grunn av nasjonalitet, etnisitet, rase, tru eller religion

Folkesuverenitet Prinsippet om at det er folket som gjennom val har den øvste makta i ein stat

Fundamentalisme Livssyn som går ut på at samfunnet byggjer på religiøse skrifter som Koranen eller Bibelen. Slike skrifter blir tekne bokstaveleg og oppfatta som ufeilbarlege i alle detaljar

Føydalisme Eit politisk og økonomisk system som utvikla seg i Europa på 700- og 800-talet, der kongen delte ut jord (len) til adelen mot at adelen hjelpte kongen i krig og verna bøndene som budde i lenet. Bøndene betalte tributt til adelen

Gjensidig fordelingsøkonomi Samfunn der fordelinga av gode skjer gjennom utveksling av gåver

Glasnost Open haldning – den sovjetiske statsleiaren Mikhail Gorbatsjov brukte denne nemninga om den nye politikken som skulle førast i Sovjetunionen

Globalisering Den komplekse forma for gjensidig avhengige forhold mellom sivilisasjonane i verda, som pregar livet vårt i dag. Denne samanvevinga gir seg uttrykk i at varer, kapital, kunnskap, informasjon, teknologi og menneske forflyttar seg i aukande omfang og i stadig høgare tempo mellom land

Gods Økonomisk, sosialt og administrativt system som utvikla seg i Europa etter at Romarriket gjekk under. Bønder søkte støtte hos dei mektigaste jordeigarane. Samstundes lét dei desse herrane få kontroll over jorda. Bøndene betalte dessutan avgifter av ulike slag til herrane. Godset var delt i to; domenejorda som hørte til herren, og bondegodset som hørte til bøndene

Gulag Nettverk av i alt 476 arbeidsleirar for politiske fangar i Sovjetunionen

Handelsbalanse Forholdet mellom verdien av importen og eksporten i eit land. (Sjå også merkantilisme)

Handfesting Skriftleg avtale mellom ein ny konge og riksrådet som har valt han

Hegemoni Overherredømme

Hierarki Eit pyramideforma system med over- og underordna

Hovudavtale Ein avtale mellom partane i arbeidslivet om prinsippa som skal gjelde der. Avtalen omfattar mellom anna retningslinjer for forhandlingar om lønn og arbeidsvilkår, for arbeidsfred mellom tariffperiodar og for retten til ulike aksjonar som streik og lockout

Hugenott Franskmann som hørte til den reformerte kyrkja på 1500- og 1600-talet

Humanisme Intellektuell retning under renessansen, der filosofar studerte tekster frå antikken og fokuserte på alt mennesket er i stand til

Husmann Ein person som leigde eit mindre stykke jord av ein gardbrukar

Høvding Øvste politiske og religiøse leiar for eit distrikt (i Noreg før rikssamlinga)

Ideologi Tenkjemåtar og mønster av idear i eit politisk system eller eit livssyn som både vil forklare verda og seie noko om korleis ho bør ordnast

Immigrant Innvandrar

Immigrasjon Innvandring

Imperialisme Å skaffe seg herredømme og kontroll over eit anna land, anten det skjer militært, politisk eller økonomisk

Imperium Ei politisk eining der fleire folkeslag eller land blir styrte av éin herskar

Individualisme Tenkjemåte og kultur som legg vekt på individet og individuelle verdiar og val, i motsetnad til ulike fellesskap, kollektive normer og felles interesser

Industri Masseproduksjon av varer med hjelp av maskinar

Inflasjon Stigande prisar og lønningar, det vil seie fallande pengeverdi

Inkvisisjon Kyrkjeleg domstol i den romersk-katolske kyrkja som skulle undersøkje og utrydde vranglære (kjetteri)

Innverknadssfære Eit område – ein stat eller del av ein stat – der ei stormakt har stor innverknad utan å ta over styret

Intervensjon Militær innblanding i den indre politikken i ein annan stat

Intifada Arabisk uttrykk som tyder «å riste av». Brukt om palestinske aksjonar mot Israel. Den første intifadaen kom i 1987

Islamisme Ein ideologi der islam blir brukt som rettesnor for politisk handling. Målet er å skape ein stat som byggjer på islamsk religiøs lov og praksis

Jappetida Åra 1983–1986 i Noreg, som var prega av aksjespekulasjon og nyrike, karrierefokuserte og statusorienterte «jappar» med prangande forbruk. Blir også brukt om resten av 1980-åra

Jobbetida Åra 1916–1920 i Noreg, da det var stor aksjespekulasjon og mange nyrike

Jordbruk Produksjon av mat ved hjelp av plantedyrking og temjing av dyr

Kald krig Ein situasjon der motsetnadene mellom to eller fleire land er like sterke som under ein krig, men utan at det kjem til militær konfrontasjon. Den kalde krigen er nemninga for det spente forholdet som oppstod mellom USA og Sovjetunionen etter 1945

Kalif Tidlegare den øvste politiske og religiøse leiaren i ein muslimsk stat

Kalvinist Person som hører til det reformerte kyrkjesamfunnet til Jean Calvin. Kalvinsk etikk har fellestrekk med kapitalistisk mentalitet, og kalvinistar er kjende for eit nøysamt og nøkternt levesett

Kapitalisme Eit økonomisk system der menneske som har pengar, investerer pengane sine for å skape profitt

Kapitalistisk samfunn Eit samfunn der kapitalismen er det dominerande økonomiske systemet

Klasse Samfunnsgruppe som lever under relativt likearta vilkår, og som oppfattar seg som ei gruppe med felles interesser

Klassekamp Sosiale klasser i aktiv interessekamp mot kvarandre (sjå klasse)

Klassemedvit Medvit om at ein hører til ei samfunnsgruppe med felles erfaringar, felles kjenneteikn og felles interesser

Kaste Ei av dei fire klassene i det sosiale systemet som ariarane etablerte i India

Kjettar Vranglærar

Kollektivisering Programmet for omforming av jordbruket i Sovjetunionen under Josef Stalin. Ved å tvinge bøndene til å arbeide på statskontrollerte storgardar prøvde sovjetregimet å kontrollere og auke jordbruksproduksjonen for å kunne finansiere industrialiseringa

Koloni Område som er kontrollert av ein stat som ligg langt borte, oftast oversjøisk

Konservatisme Politisk tankeretning som åtvarar mot drastiske forandringar av eit samfunnssystem

Konsesjonslov Lov som seier at ein må ha godkjenning av staten (konsesjon) for å kjøpe eigedom eller setje i gang verksemd av bestemte typar. Staten kan knyte visse vilkår til konsesjonen og kontrollere at vilkåra blir oppfylte

Konstitusjon Grunnlov eller forfatning, reglar for korleis ein stat skal styrast

Konstitusjonelt kongedømme Monarki der makta til herskaren er avgrensa av lovene i landet

Kreditt lån. Kreditor = den ein skuldar pengar

Krosstog Krigstokt i mellomalderen som skulle spreie katolsk kristendom eller verne kristentrua mot heidningar, muslimar og vranglærarar (kjettarar). Mest brukt om krigane som vesteuropeiske riddarar førte for å frigjere Jerusalem frå muslimane

Kultur Alt det som menneska tenkjer, utfører eller skaper, og som kan overførast til nye generasjonar

Landskyld Årleg leige som ein gardbrukar betaler når han ikkje eig jorda sjølv

Laug Foreining i mellomalderen beståande av menneske som hadde same yrke. Lauget fastsette lønningar og prisar

Leidang Sjøforsvarsordning. Bøndene hadde plikt til å halde krigsskip og stille med mannskap i tilfelle krig

Lekmannskristendom Kristendomsform der prestar har liten eller ingen plass i det religiøse livet

Len Den eigedommen ein vasall fekk av herren i det europeiske føydalsystemet

Len Fram til 1660 nemninga for administrative einingar i Noreg, tilsvarande seinare amt og fylke

Liberal I kulturell og rettsstatleg samanheng: for fridom på område som tanke- og talefridom, trusfridom og fridom for ulike minoritetsgrupper til å leve etter sine eigne verdiar og skikkar. Mange slike liberale prinsipp er stadfesta i Grunnlova. Sjå også liberalisme

Liberalisme Samfunnssyn som krev politisk, religiøs og økonomisk fridom for einskildmennesket utan statleg innblanding. Samfunnet skal styrast gjennom folkevalde forsamlingar. Forslag om liberalisering i samfunnslivet vil som oftast seie at offentlege restriksjonar, inngrep, reguleringar og sensur skal bort

Liberalisme, økonomisk Økonomisk lære som går inn for privat eigedomsrett, fri konkurranse, frihandel og ein fri marknad der staten ikkje blandar seg inn

Liberalistisk politikk Politikk basert på få offentlege inngrep i næringslivet og på likestilling og konkurranse

Liveigen Fattig bonde som ikkje åtte jorda sjølv, men fekk dyrke noko av godseigarens jord. Ein liveigen hadde arbeidsplikt på godset og hadde ikkje lov til å flytte utan løyve frå godseigaren

Lydrike Eit rike som blir styrt frå eit anna

Magna Carta Eit dokument frå 1215 som gav adelen i England politiske rettar overfor kongen

Maktfordelingsprinsippet Prinsippet om at makta skal vere delt i ei utøvande makt (konge og regjering), ei lovgivande makt (nasjonalforsamling) og ei dømmande makt (domstolane), og at ingen av dei tre skal gripe inn i ansvarsområdet til dei andre

Mandarin Embetsmann i Kina som blei rekruttert til stillinga gjennom eksamenar

Mandat Fullmakt til å gjere noko på vegner av nokon

Mandatområde Visse område i Midtausten, Afrika og Stillehavet som etter den første verdskrigen blei administrerte av ein stat på vegner av Folkeforbundet

Mandsjuane Eit nomadisk folk som erobra Kina på 1600-talet

Marknadskrefter Dei endringane som skjer i økonomien gjennom svingande tilbod og etterspurnad etter varer, og kvar og korleis det gir mest avkastning eller profitt å produsere denne vara for dei som har investert i verksemda. Marknadskreftene påverkar også arbeidsforhold, sosiale forhold, politiske forhold og internasjonale kontaktar (sjå globalisering)

Merkantilisme Økonomisk politikk der statar prøver å auke rikdommen sin og makta si ved å skaffe seg store mengder gull og sølv, og ved å eksportere meir enn dei importerer

Mellomalderen Periode i europeisk historie mellom ca. 500 e.Kr. og 1500 e.Kr.

Middelklasse Ikkje ei einsarta gruppe. Middelklassa bestod tradisjonelt av handverkarar, småkjøpmenn, legar, lærarar og advokatar, også kalla småborgarar. Med industrien og urbaniseringa kom nye yrkesgrupper til, som kontoristar, bokhaldarar, ekspeditørar, revisorar, forretningsførarar og driftsleiarar

Migrasjon Fellesnemning for emigrasjon (utvandring) og immigrasjon (innvandring)

Militarisme Politisk system basert på militærmakt

Minoritet Folkegruppe som utgjer eit mindretal i eit samfunn

Mobilitet, geografisk Flytting – når menneske skiftar bustad

Mobilitet, sosial Flytting – når menneske skiftar samfunnsgruppe

Mogulane Nomadane som vandra inn i India på 1500-talet og etablerte eit mektig muslimsk rike der

Monarki Styreform med konge eller dronning

Monopol, marknadsmonopol Når ei bedrift, eit selskap eller ei kjede (trust) i praksis har kontroll med all, eller nesten all, produksjon eller omsetnad av varer eller tenester på eit område og på den måten kontrollerer marknad og prisar

Monopol, statleg Når staten gjennom lover har fått einerett på ei bestemt verksemd

Monoteisme Trua på éin gud

Myte Forteljing om gudar, forfedrar, heltar eller historiske hendingar som skal forklare naturfenomen, kulturen eller politikken i eit samfunn. Mytar er ei tolking eller oppfatning som baserer seg på tru, og som kan ikkje bevisast

Nasjonalisme Ein ideologi som hevdar at kvart folk med eit særskilt språk og ein eigen kultur og eiga historie bør skipe sin eigen stat. Ordet nasjon blir da brukt både om folket og staten

Nazisme Sjå fascisme

Nomade Medlem av ei gruppe som ikkje har ein fast buplass, og som vandrar frå stad til stad saman med dyra sine på jakt etter mat, vatn og beitemarker

Odelsrett Rett til innan ein viss frist å kunne kjøpe tilbake jord som er seld

Pari kurs Valutaen er bunden til den internasjonale prisen på gull eller sølv som eit felles valutamål (pari = lik)

Parlament Samling av representantar som gir lover

Parlamentarisme Ein statsskikk der den folkevalde nasjonalforsamlinga i eit land har rett til å peike ut regjeringa. Regjeringa må ha støtte frå eit fleirtal i nasjonalforsamlinga

Patriark Den øvste leiaren i den ortodokse kyrkja

Patrisiar Medlem av den rike og privilegerte overklassa i Roma i antikken

Patronasje Band mellom ein patron og ein klient. Oppstår når patronen gir ei gåve som klienten gjengjelder med truskap og tenester

Perestrojka Omstrukturering – den sovjetiske statsleiaren Mikhail Gorbatsjov sin modell for korleis sovjetisk økonomi skulle styrkjast

Personalunion Samband mellom to statar som er sjølvstendige, men som har felles konge

Plebeiar Medlem av klassa av bønder, handverkarar og handelsmenn i Roma i antikken

Politisk islam Sjå islamisme

Privatisering Overføring av eigarskap eller verksemd frå det offentlege eller frå fellesskap til private

Privilegium Fordelar og særrettar som staten har gitt til einskildpersonar eller grupper

Profitt Forteneste ved kjøp og sal

Proteksjonisme Vern av eige næringsliv mot utanlandsk konkurranse, for eksempel ved hjelp av høg toll og reglar som avgrensar importen

Protektorat Ei form for kolonistyre der den lokale herskaren i eit område hadde makta formelt, men måtte handle etter råd frå kolonimakta og stod under såkalla vern (engelsk: protection) frå kolonimakta

Protestant Medlemmer av dei kristne kyrkjesamfunna som blei grunnlagde gjennom reformasjonen i Europa på 1500-talet, blei kalla protestantar

Provins Landområde eller landsdel under Romarriket

Rasisme Dyrking av eigen rase og forakt for andre rasar

Rasjonering Når styresmaktene regulerer omsetnaden av viktige varer slik at alle skal få ein fastsett del (for eksempel av mat, klede og brensel), eller slik at varene blir styrte dit behovet eller samfunnsnytten er størst (for eksempel byggjemateriale, bilar og telefonar)

Republikk Styreform utan konge eller dronning, der makta ligg i hendene på ein folkevald leiar

Retorikk Talekunst som særleg tek sikte på å overtyde tilhørarane om eit synspunkt eller ein måte å sjå ting på, for eksempel i politisk samanheng. Sjå også ideologi

Rettsstat Ein stat med institusjonar og praksis som kviler på kjende og skriftfesta lover og reglar

Revolusjon Grunnleggjande og rask omvelting

Riksråd Forsamling med representantar for adel og (før 1536) biskopane. Brukt av kongen som ei slags regjering

Sankar- og jegersamfunn Samfunn der menneska lever av å hauste direkte frå naturen gjennom jakt og sanking. Dei flyttar gjerne frå stad til stad

Scenario Bilete av ei mogleg framtidsutvikling basert på utviklingstrekk ein ser i samtida

Sjølvberging Eit økonomisk system der kvart hushald sjølv prøver å produsere det meste av varene det treng

Shogun Den øvste generalen i Japan, som ofte styrte på vegner av keisaren. Ei viktig rolle frå ca. 1200 og fram til 1868

Sionisme Opphavleg ei rørsle som arbeidde for å etablere ein jødisk stat i Palestina. Etter 1948 har målet for sionismen vore å halde oppe og styrkje den jødiske nasjonalstaten Israel

Sivilisasjon Ein stat med byar, arbeidsdeling, skrift, byråkrati, avansert teknologi, kunst og vitskap

Skilsdomslov lov om korleis staten kan gripe inn i fastlåste arbeidskonfliktar som skader samfunnet

Slektskapssamfunn Ein samfunnstype der menneska er vovne saman i eit nettverk av plikter og rettar utan at dei er kontrollerte av ei sentral statsmakt. Sankarar og jegerar, svibrukarar og nomadar levde ofte i slike samfunn. Dei økonomiske goda blei fordelte etter prinsippet om gjensidig fordeling. Rettane til individet var underordna fellesskapet i familien, klanen eller landsbyen

Sosialdarwinisme Ein teori som seier at utviklinga av samfunnet følgjer dei same lovene som gjeld for utviklinga av biologiske artar

Sosialisering Opplæring og oppøving av menneske til å bli fullverdige medlemmer av eit fellesskap

Sosialisme Lære som seier at rettferd kan oppnåast gjennom felles solidarisk kamp mot utbytting og undertrykking, og at næringslivet bør eigast av staten eller av arbeidarane

Sosialliberalisme Ei form for liberalisme som seier at staten må leggje forholda til rette for sosialt forsvarleg og ansvarleg individuell utfalding. Det vil seie at kvar einskild skal ha størst mogleg fridom på alle livsområde så lenge det ikkje går utover retten til andre. Men staten kan gripe inn overfor eigne borgarar når målet er å hindre at andre kjem til skade

Spekulasjonsobjekt Når mange investerer pengar i ein verdi som stig med sikte på raskt sal og profitt, for eksempel jord under den første verdskrigen

Standssamfunn Eit samfunn som består av grupper (stender) som er ulike i rettsstilling og i levekår, og der det er vanskeleg å skifte gruppe

Statskupp Når grupper med stor innverknad i eit land tek makta med udemokratiske middel og ved hjelp av militær støtte

Statskyrkje Ei kyrkje der den formelle leiinga ligg hos øvste styresmakt i staten

Stender Samfunnsgrupper med kvar sine rettar og plikter

Strukturrasjonalisering Særleg brukt i etterkrigstida om arbeidet for større og meir økonomisk lønnsame einingar på ulike område, ofte gjennom samanslåingar og ved å fjerne dei mindre einingane

Suffragette Frontkjempar for kvinneleg røysterett, som demonstrerte mellom anna ved å uroe politiske møte

Tariffavtalar Felles avtalar om lønn og arbeidsvilkår

Territorial Som hører til eller gjeld eit landområde

Terrorisme Handling som tek sikte på å vekkje interesse for ei sak ved bruk av vald. Tanken bak handlinga er også å skape frykt hos befolkninga

Ting Forsamling som dømde i rettssaker og som (i mellomalderen) valde eller godkjende ein konge

Tributt Ei yting frå ein underlegen til ein overlegen for at den underlegne skulle få vern. Ytinga kunne betalast i form av naturalia, arbeid eller pengar

Tributtsamfunn Eit tributtsamfunn oppstod når ein sterk leiar klarte å samle mange små slektskapssamfunn i eitt sentralt rike. Ved hjelp av ein hær og eit byråkrati fekk herskaren kontroll over eit større geografisk område

Tvangstida Åra 1914–1918 i Noreg, da jordbruket blei pålagt dyrkingskvotar av staten

Union Samband av to statar

Universell Som omfattar eller gjeld alle

Urbanisering Veksten i byar og folk som flyttar til byane

Vasall Ein person i Europa i mellomalderen som fekk eit stykke jord (eit len) frå ein overordna mot at han skulle vere lojal og gjere tenester for den overordna

Velferd Å få sikra dei grunnleggjande behova sine og ein viss levestandard

Velferdsstaten Nemning for det norske velferdssystemet frå rundt 1967 (sjå velferd)

Veto Den retten den utøvande makta har til å forkaste ei lov som den lovgivande makta har vedteke

Viking Ein skandinav som i tida ca. 800–1050 reiste på plyndringsferder i resten av Europa

Vitskap Logisk framgangsmåte for innhenting av informasjon om naturen, der observasjon og eksperiment blir nytta til testing av teoriar