Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Om eksamen   >  Om eksamen
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Om eksamen

Historie er eit munnleg fag. Det vil seie at eksamensforma også er munnleg. Vidare er historie eit trekkfag, altså eit fag der elevane kan bli trekte ut til eksamen.

Læreplanen seier at
  • elevane kan trekkjast ut til munnleg eksamen
  • eksamensoppgåvene skal utarbeidast lokalt etter sentrale retningslinjer
  • eksamen skal omfatte heile faget, det vil seie både Vg1 og Vg2
Det er Forskrift til opplæringslova som gir reglane for eksamen. Vi skal sjå nærmare på desse reglane og på kva dei har å seie for elevane (sjå i menyen til venstre).


Nettstader:

- Læreplanen i historie
- Forskrift til opplæringslova
- Endring i forskrift til opplæringslova (kapittel 3 og 4 om individuell vurdering, som tok til å gjelde 1. august 2009)