Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Om eksamen   >  Retningslinjer for eksamen
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Retningslinjer for eksamen

Elevane skal få melding om at dei er trekte ut til eksamen, seinast 48 timar før sjølve eksamen. Da skal dei også få vite kva for eit fag dei er trekte ut i. dersom førebuingstida er meir enn 48 timar, får elevane melding samtidig som dei får oppgåva, for eksempel fem dagar før sjølve eksamen.

Poenget med eksamen er sjølvsagt at elevane skal vise kva dei kan. Det er graden av måloppnåing i faget som skal liggje til grunn for vurderinga. Det vil seie at oppgåva eller oppgåvene dei får, skal vere baserte på kompetansemåla i læreplanen for historie. Men eksamensoppgåvene skal også måle den heilskaplege kompetansen til elevane. Det vil seie at også måla i den generelle delen av læreplanen skal vurderast.

For at elevane skal få høve til å vise kva dei kan på desse områda, blir det som regel lagt opp til ei førebuingstid ved eksamen. Lengda på og innhaldet i førebuingstida varierer. Førebuingstida kan vere frå éin til fem dagar. Innanfor denne ramma står kvar skole til så lenge ganske fritt når det gjeld korleis førebuingstida skal organiserast.

I førebuingstida er alle hjelpemiddel tillatne. Dei same reglane gjeld for individuell eksamen som for gruppeeksamen. Elevane skal ikkje vurderast under førebuingstida. Det dei gjer eller ikkje gjer i førebuingstida, skal altså ikkje ha noko å seie for kva karakter dei får.

Det er faglæraren som utarbeider forslag til eksamensoppgåver, som skal godkjennast av ein sensor frå ein annan skole. Under eksamen skal ein eksaminator (faglæraren) og ein sensor vere til stades, og dei skal i fellesskap bli einige om karakteren. Ved usemje er det sensor som avgjer.