Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Vurdering  >  Evalueringssituasjonar
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Evalueringssituasjonar

Sluttkompetansen til elevane kjem til uttrykk gjennom ulike evalueringssituasjonar. Desse situasjonane er samtidig ein peikepinn på korleis elevane ligg an undervegs i læringsprosessen. Det er ansvaret til læraren å leggje til rette for evalueringssituasjonar, men elevane har ansvaret for å gi læraren godt nok grunnlag for å gi karakter i faget. Det vil seie at det er ansvaret til elevane å vise fram dei kunnskapane og ferdigheitene dei har i faget.

Prøver
Ideelt sett burde prøvesituasjonane gjennom skoleåret avspegle den munnlege eksamensordninga (meir om eksamen under «Eksamen»), slik at elevane får eksamenstrening. Men i praksis er det vanskeleg å gjennomføre slike munnlege prøver gjennom skoleåret. Derfor vel dei fleste lærarar å bruke såkalla skriftleg-munnlege prøver. Det kan vere prøver utan bruk av hjelpemiddel, eller prøver der det er lov å bruke hjelpemiddel under heile eller delar av prøva. Det siste minner om arbeidet i førebuingstida som elevane får til eksamen.

Andre evalueringssituasjonar
Andre evalueringssituasjonar kan vere framføring av prosjektarbeid eller gruppearbeid, empatiøvingar (innlevingsoppgåver) eller liknande. Det kan også vere skriftlege oppgåvesvar av ulike slag, kjeldeoppgåver eller tekstar som elevane leverer inn.

Læraren kan komme med forslag om andre evalueringsformer for elevar som slit med å formulere seg skriftleg, for eksempel munnlege prøver. Elevane kan ha munnleg prøve med læraren, lese inn prøvesvar på kassett eller halde eit foredrag. Dette må læraren avgjere, for det er læraren som best kan vurdere kva evalueringsform som høver ut frå fagstoffet og ut frå kravet om differensiering.

Undervisningstimane
Prøvene er klare evalueringssituasjonar, men kva med undervisningstimane? Undervisningstimane har eit todelt siktemål: Dei er både meinte for læring og for evaluering.

I timane skal elevane lære seg fagstoffet. Læraren ventar ikkje at elevane skal kunne ukjent stoff, men at dei har gjort det avtalte heimearbeidet. Klassesamtalar om lekser og tidlegare gjennomgått lærestoff er derfor moglege evalueringssituasjonar der elevane kan vise måloppnåing, altså kor mykje dei kan og forstår når det gjeld det aktuelle emnet.