Du er her: Hovudsida  >  LÆRARRESSURSAR  >  Vurdering  >  Måloppnåing
  Generelle lærarressursar til heile verket ligg i menyen under, mens ressursar til kapittel ligg under ”Til læraren” i dei ulike kapitla.  
LÆRARRESSURSAR
 
PORTAL SOM LYDBOK
 
 
 
 

Måloppnåing

Omgrepet måloppnåing er knytt til ulike nivå av læring eller fagleg meistring. Elevane kan ha eit solid grep om eit fagleg emne, altså ein høg grad av fagleg meistring, eller dei kan ha overflatiske kunnskapar om eit emne, altså ein lågare grad av fagleg meistring. Graden av måloppnåing kan igjen knytast til dei tre karakternivåa: under middels, middels og over middels.

Dersom elevane i evalueringssituasjonar ikkje viser måloppnåing i det heile – dersom dei svarer blankt eller berre svarer feil – får dei karakteren 0 eller 1.

Karakternivået under middels (2) vitnar om mangelfull måloppnåing. Det vil seie at elevane har mangelfulle kunnskapar og manglande forståing for emnet. Elevar som berre er i stand til å referere lausrivne fakta og brokkar av historiske hendingar – kanskje til og med ukorrekt – er på det lågaste meistringsnivået og det lågaste karakternivået. Det same gjeld elevar som ikkje er i stand til å hente noko informasjon ut av historiske kjelder, og som heller ikkje kjenner omgrepa som blir brukte i kjeldegransking.

Karakternivået middels (3 og 4) vitnar om middels måloppnåing. Det vil seie at elevane har mykje kunnskap, og at dei har ei forståing for stoffet som går ut over rein reproduksjon (attgiving av fakta, opplisting). Elevane er altså i stand til å bruke den kunnskapen dei har, til å påvise samanhengar i historia, dei kan beskrive årsaker til og verknader av historiske hendingar og prosessar, og dei kan samanlikne historiske situasjonar. Men i somme tilfelle kan årsaksforklaringar eller historiske hendingar vere svært kompliserte. Da kan det gi utteljing på høgaste karakternivå om elevane kan gi ei tilfredsstillande beskriving av bakgrunn eller forløp. For å oppnå middels måloppnåing må dei også vere i stand til å hente ein del informasjon ut av historiske kjelder, og vere kjende med omgrepa som blir brukte i kjeldegransking.

På det høgaste nivået av måloppnåing – og det høgaste karakternivået (5 og 6) – må elevane i tillegg til krava på middels nivå vise at dei kan drøfte og vurdere historiske hendingar. Elevane må også vise ei klar evne til sjølvstendig framstilling av det historiske emnet. Det vil seie at dei må kunne formulere seg poengtert og ubunde av læreboka. I tillegg må dei vise kjeldeforståing på høgaste nivå. Det inneber at dei må vere i stand til å granske kjelder, hente inn relevante kjelder til eige arbeid og bruke dei kritisk og sjølvstendig.

Det finst retningslinjer for korleis læraren skal vurdere graden av måloppnåing, men desse retningslinjene er generelle, og det er derfor eit element av skjønnsmessig vurdering i dei karakterane elevane får. Slik må det vere – og det er ikkje det same som at karakteren læraren set, er tilfeldig. Om elevane ikkje forstår vurderinga, kan dei be læraren om å grunngi karakteren nærmare, og eventuelt om å forklare kva dei kunne ha gjort for å oppnå ei betre fagleg meistring.

Eksempel på måloppnåing
Alle evalueringssituasjonar bør innehalde differensierte oppgåver, eller oppgåver som gir elevane høve til å vise måloppnåing på alle nivå.

La oss ta eit eksempel: Ei av oppgåvene i Arbeidsportal er slik: «Drøft påstanden: Den første verdskrigen var uunngåeleg.»

I denne oppgåva må elevane altså drøfte, det vil seie finne moment som taler både for og imot påstanden. Det er krevjande. Elevane bør mellom anna komme inn på endringar i globale maktforhold knytte til nasjonalisme og imperialisme, økonomiske forhold, alliansane som låste dei europeiske statane i eit nettverk av forsvarsplikter, og sentrale einskildaktørar. Dei bør også komme inn på samanhengen mellom grunnleggjande og utløysande faktorar. Var for eksempel dei grunnleggjande årsakene så avgjerande at krigen ville ha komme før eller seinare? Og om så var tilfelle, kvifor begynte ikkje krigen tidlegare? Spela skotet i Sarajevo ei avgjerande rolle, eller var det berre eit nødvendig påskot for ein etterlengta krig? Slike spørsmål inneber altså at elevane må gå nærmare inn på årsakene til at verdskrigen kom. Kva slags forklaringar har historikarane gitt på dette? Er det kausalforklaringar, motivforklaringar eller funksjonsforklaringar? Svaret på det vil vere til hjelp i drøftinga. I den samanhengen vil det også vere naturleg å vurdere følgjande: Er ikkje kvar einaste krig eigentleg uunngåeleg?

Ein kronologisk presentasjon av dei hendingane som utgjer bakgrunnen for krigsutbrotet, vil dermed ikkje vere eit fullt ut tilfredsstillande svar på oppgåva. Ja eller nei kan for så vidt vere rette svar på spørsmålet, men det er meininga at elevane skal svare med ei utfyllande drøfting som viser at dei kan bruke kunnskapane dei har om emnet, til å svare på nye problemstillingar. Dersom dei berre svarer stadfestande eller avkreftande på spørsmålet utan nærmare grunngiving, kan dei altså ikkje få toppkarakter – jamvel om dei har prøvd seg på oppgåva.