Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  4 (Jordbruk)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Livet til ein ungdom i eit førhistorisk slektskapssamfunn (kapittel 3 og 4)
   
  4. JORDBRUK
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Livet til ein ungdom i eit førhistorisk slektskapssamfunn (kapittel 3 og 4)


Kompetansemål:

Elevane skal kunne
  • finne og vurdere historisk materiale som kjelder og bruke det i historiske framstillingar
  • presentere ein historisk person og diskutere korleis samtidige samfunnsrammer påverka handlingane til denne personen (i dette tilfellet ein fiktiv person)
  • bruke digitale verktøy til å hente informasjon frå ulike medium og vurdere informasjonen kjeldekritisk i eigne framstillingar
  • forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme tidlege samfunn

Dette er eit forslag til eit undervisningsopplegg der elevane arbeider på eiga hand med ei skriftleg oppgåve med formell sluttvurdering, der dei får høve til å bruke den teoretiske kunnskapen om tidlege samfunn på ein kreativ måte.

Elevane skal skrive ei oppgåve der dei skildrar ein dag i livet til ein ungdom som lever i eit førhistorisk slektskapssamfunn. Dei må bestemme alder, kjønn, tid og stad, og om personen er jeger eller jordbrukar. Historia kan vere lagd til Noreg eller ein annan stad i verda. Elevane bruker det som dei har lært om perioden i Portal, og søkjer hjelp i andre kjelder. Dei må få med sentrale fakta om leveforhold og viktige samfunnsendringar. I den endelege vurderinga av oppgåva vil det bli lagt vekt på om framstillinga er historisk korrekt, på evna til å finne kjelder og bruke dei på ein sjølvstendig måte, på originalitet i framstillinga og på innleving.

Elevane må føre opp kjeldene dei har brukt, på slutten av oppgåva.


Aktuelle nettkjelder:

http://portal.samlaget.no/menypunkt.cfm?id=75-256-1&mpid=1504
Nettsidene til Portal, til kapittel 3 og 4

http://historievg2.cappelen.no/c187042/sammendrag/vis.html?tid=189283
Nettsidene til Historie Vg2
« Attende