Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  6 (Hellas i antikken)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Filmar om antikken – klassediskusjon om kulturmøte
   
  6. HELLAS I ANTIKKEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Filmar om antikken – klassediskusjon om kulturmøte


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • samanlikne to eller fleire antikke samfunn og diskutere kva antikken har hatt å seie for moderne politikk, arkitektur og annan kunst
  • forklare drivkrefter bak den europeiske oversjøiske ekspansjonen og diskutere kulturmøte, sett frå ulike perspektiv

Klassa ser på utdrag frå filmane 300 (regi: Zack Snyder) og Alexander (regi: Oliver Stone). Vel scenar der grekarane møter persarane, slik at elevane kan finne ut korleis filmskaparane framstiller dei to ulike folkegruppene.

Les om grekarane i læreboka. Korleis stemmer det som står om samfunnet i Sparta, med framstillinga i filmen 300? Finn ut meir om Persarriket på Internett eller i historiske oppslagsverk. Diskuter om framstillinga av dei to folkegruppene i filmane er historisk korrekt. Kva slags feil dreiar det seg eventuelt om? Prøv å svare på kvifor filmskaparane har valt å framstille grekarane eller persarane på den måten dei gjer. Kan det ha samanheng med forhold i vår eiga samtid?

Lenkje:
«Film i grenseland», http://www.forskning.no/artikler/2009/april/216451, 9. april 2009.


« Attende