Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  7 (Romarriket)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Romarriket i fjernsyn - "Rome"
   
  7. ROMARRIKET
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Romarriket i fjernsyn - "Rome"


Kompetansemål:

Elevane skal kunne
  • samanlikne to eller fleire antikke samfunn og diskutere kva antikken har hatt å seie for moderne politikk, arkitektur og annan kunst
  • diskutere kulturmøte, sett frå fleire perspektiv
Romarriket i fjernsyn

Arbeidsopplegg om historie og film der ein bruker den første episoden i første sesong av fjernsynsserien Rome (2005) for å undersøkje og drøfte viktige sider ved det romerske samfunnet.

Episode 1: «Den stolne ørnen» (ca. 50 minutt)

Regi: Michael Apted
Resymé: Året er 52 f.Kr., og soldatane til Julius Caesar har nettopp erobra Gallia. Heime i Roma fryktar aristokratane i senatet, med Pompeius og Cato i spissen, Caesars veksande makt. Vil han gjere seg sjølv til diktator og avskaffe republikken? Vi møter også Caesars niese Atia og familien hennar. Ho sender den veslevaksne sonen Octavian (seinare kjend som Augustus) til Gallia for at han skal overrekkje ein praktfull kvit hest til onkelen Caesar. Soldatane Lucius Vorenus og Titus Pullo får i oppdrag å finne igjen den stolne gullstandarten til Caesars hær. Dei finn han, og i same slengen reddar dei unge Octavian frå røvarar. Soldatane oppdagar også at gullstandarten eigentleg blei stolen av mennene til Pompeius. Borgarkrigen mellom Caesar og Pompeius er i gang!

Emne: Politikk i Romarriket, den romerske hæren, klasseskilje (patrisiarar/plebeiarar), slaveri, stillinga til kvinnene, kvardagsliv, religion og seksualitet.

Arbeidsoppgåver:
  1. Anslaget: Sjå på innleiinga til filmen (rulletekstane). Kva slags verkemiddel er brukte? Kva slags inntrykk gir desse bileta av livet i Romarriket, og kva forventningar skaper dei?
  2. Styringssett i Roma: Kva rolle spelar senatet i filmen? Samanlikn med framstillinga i læreboka. Maktforhold: Korleis framstiller filmen rivaliseringa mellom Caesar og Pompeius? Kvar er det meininga at sympatien vår skal liggje? Korleis blir denne sympatien skapt? Korleis forklarer filmen at det romerske demokratiet gjekk til grunne?
  3. Stillinga til kvinnene: Filmen presenterer oss for fleire sterke kvinnefigurar, i første rekkje Atia, niesa til Caesar og mor til keisar Augustus, og den fremste rivalen hennar, Servilia, som er Caesars elskarinne. Korleis blir desse kvinnene framstilte i filmen? Trekk inn andre kjelder og vurder om framstillinga er realistisk.
  4. Den romerske hæren: To av hovudpersonane er soldatar i den romerske hæren. Finn ut meir om korleis hæren var organisert, og korleis soldatane blei rekrutterte, trena og leidde. Kva rolle spela militærvesenet og militære verdiar i det romerske samfunnet? Kva var det ved denne hæren som gjorde han så overlegen? Korleis kjem det fram i filmen?
  5. Slavesamfunnet: Ein reknar med at om lag ein tredel av innbyggjarane i Romarriket var slavar. Kva slags haldning viser personane i filmen til slavane og slaveriet som institusjon? Korleis blir dette synet grunngitt? Finn ut meir om kvar slavane kom frå, kva slags arbeidsoppgåver dei hadde og korleis dei blei behandla.
  6. Religion: I filmen får vi eit visst innblikk i ritual og religiøse førestellingar hos romarane. Trekk inn andre kjelder og finn ut kva som kjenneteiknar haldninga til religion blant romarane. Samanlikn med religion i seinare tid (jødisk/kristen tru). Synest du at framstillinga i filmen er truverdig? Kvifor/kvifor ikkje?
  7. Klasseskilnader i Romarriket: I første episode av serien får vi først og fremst innblikk i leveviset i overklassa. Kva kjenneteikna livsstilen i den romerske overklassa? Korleis blei overklassa så rik? Korleis var forholdet mellom fattige og rike i Romarriket, og korleis kom dette forholdet til uttrykk i det politiske systemet?
« Attende