Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  7 (Romarriket)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Romarriket og Hellas - eit munnleg prosjekt (kapittel 6 og 7)
   
  7. ROMARRIKET
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Romarriket og Hellas - eit munnleg prosjekt (kapittel 6 og 7)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme tidlege samfunn
  • samanlikne to eller fleire antikke samfunn og diskutere antikken si rolle for moderne politikk, arkitektur eller anna kunst
Elevane skal i denne oppgåva samanlikne Romarriket og Hellas. Dei skal formulere ei problemstilling der ulikskaparne og likskapane kjem klart fram.

Etter at elevane har formulert ei problemstilling til eit emne dei er interesserte i, kan dei organisere seg i grupper etter emneval.

Kvar gruppe lagar ein oversiktleg PowerPoint-presentasjon. Be elevane vere både kreative og informative med bruk av bilete, kart og eventuelle filmkutt i tillegg til korte tekstar. Medlemmene i gruppene legg fram bidraga sine i ei logisk rekkjefølgje. Elevane må hugse å gi opp kjelder på slutten av presentasjonen.

Elevane begynner presentasjonen med å leggje fram emne og problemstilling, og svarer så på problemstillinga dei har valt.

Gi elevane råd om å bruke eksempel for å kaste lys over problemstillinga. (For eksempel: «Dei romerske kvinnene var meir frigjorde enn dei athenske fordi dei blant anna hadde rett til å inngå ekteskap og styre sin eigen eigedom, mens dei greske kvinnene var undertrykte fordi dei ikkje hadde stemmerett eller eigedomsrett, og dei hadde alltid ein mannleg formyndar.»)

Elevane bør få vite at det ikkje finst fasitsvar på alle spørsmål. Dei kan gjerne komme med ulike svar og diskutere dei.

Eksempel på tema
  • Det politiske systemet i Athen og Roma
  • Livet som slavar i Hellas og Romarriket
  • Bruken av teknologi i Hellas og Romarriket
  • Aleksander den store og Augustus
  • Perikles og Julius Cæsar
« Attende