Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  7 (Romarriket)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kva veit elevane frå før om Antikken og Romarriket? (kapittel 6 og 7)
   
  7. ROMARRIKET
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kva veit elevane frå før om Antikken og Romarriket? (kapittel 6 og 7)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • samanlikne to eller fleire antikke samfunn og diskutere kva antikken har hatt å seie for moderne politikk, arkitektur eller annan kunst
Kva kan elevane frå før?

Antikken er eit tema som mange elevar kjenner frå før. Mykje av det dei veit frå før, er bygd på førestellingar dei har fått frå for eksempel filmar, og det kan vere lurt å rydde litt opp i desse førestellingane. La klassa halde ei lita idémyldring på førehand. Be dei svare på spørsmåla under utan å bruke boka. Gi dei ca. 20 minutt. Når ein går igjennom svara i plenum etterpå, vil ein også finne ut kvar nivået i klassa ligg.

Introduksjonsspørsmål
  1. Kva veit de om Hellas i antikken? (Tips: Sentrale personar, kultur, samfunn …)
  2. Kva veit de om Romarriket?
  3. Kva er dei mest sentrale skilnadene mellom Hellas og Romarriket?
  4. Kva er dei mest sentrale likskapane mellom Hellas og Romarriket?
  5. Kva kulturell arv har vi frå antikken i dag?
  6. Kva politisk arv har vi frå antikken i dag?
  7. Korleis har de lært det de veit om antikken?

« Attende