Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  9 (Vikingferder, kristning og rikssamling i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Vikingtida - ei prosjektoppgåve
   
  9. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Vikingtida - ei prosjektoppgåve


Kompetansemål:

Elevane skal kunne
  • forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme tidlege samfunnsforhold
  • gjere greie for eit utval av sentrale økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i mellomalderen
  • presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot og kontinuitet på eit eller fleire område
  • gjere greie for samfunnsforhold og statsutvikling i Noreg frå ca. 700 til ca. 1500 og diskutere mogleg påverknad frå andre kulturar, samfunn og statar
  • gjere greie for årsaker til at folkegrupper emigrerer, og drøfte konsekvensane av møtet deira med andre kulturar
Prosjektoppgåve:

I denne prosjektoppgåva skal elevane først og fremst arbeide med kapittel 9, som dreiar seg om vikingferdene. Men det kan også passe å ta med delar av fagstoffet i kapittel 10: Samfunn og stat i Noreg i mellomalderen.

Tidsramme: 6 timar.

Arbeidsmåte: Del klassa i grupper på 3–4 elevar. Kvar gruppe tek for seg eit emne frå vikingtida.

Forslag til emne:
  • Vikingferdene: handel, krig, kolonisering, oppdagingar, vikingskip
  • Politisk historie: rikssamlinga i Noreg, Harald Hårfagre, Olav den heilage
  • Den norrøne religionen og innføringa av kristendommen
  • Vikingsamfunnet: Livet på garden, økonomi, handverk, daglegliv, klede
  • Trælane: slavesamfunnet i Noreg
  • Kvinnene i vikingtida

Forslag til framføring:
Del klassa i to. Halvparten av gruppene sit ved «stasjonar» rundt om i klasserommet, mens dei andre gruppene går rundt og hører på. Kvar gruppe har ca. 5 minutt før tilhørarane går vidare til neste gruppe. I neste time byter ein om, slik at den andre halvparten av klassa får framført.

« Attende