Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  9 (Vikingferder, kristning og rikssamling i Noreg)   >  Til læraren  >  Kjeldeopplegg  >  Kven var vikingane?
   
  9. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kven var vikingane?


Den angelsaksiske krønika for året 793
Same året viste lagnadstunge varsel seg over Northumbria og skapte stor uro og angst mellom folk. Det kom virvelvindar, lyn og tore, og folk såg skremmande drakar flyge gjennom lufta. Ein stor svolt følgde desse varsla, og litt seinare same året, den 8. juni, kom herjande heidenske menn og øydela grufullt Guds kyrkje på Lindisfarne, med rov og manndrap.

Ulster-annalene, år 820
Havet spydde opp straumar av framande over Irland, slik at det ikkje fanst hamn eller landingsplass eller festningsverk, borg eller vern utan at det var flåtar av nordbuar og sjørøvarar der.

St. Bertin-annalane, år 845
Vinteren var svært hard. Normannarane trengde med 120 skip oppover Seinen og herja begge elvebreiddene og øydela alt utan å møte motstand. Da dei kom til Paris, rusta kong Karl seg til kamp mot dei, men forstod snart at hans folk slett ikkje kunne sigre. Derfor gjorde han i staden avtalar med angriparane og overlét dei ei gåve på 7000 pund sølv for at dei skulle stoppe angrepet og dra seg tilbake.
  1. Kan du ut frå innhaldet i dei tre kjeldene rangere dei frå mest påliteleg til minst påliteleg?
  2. Kva blir vikingane kalla i dei tre kjeldene? Kan du ut frå nemningane som er brukte, seie kven dei var, og kvar dei kom frå?
  3. Kjeldene framstiller vikingane på ein viss måte: Det vrimlar av dei, dei plyndrar og drep, og dei er uovervinnelege. Trur du framstillinga er riktig?
« Attende