Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  9 (Vikingferder, kristning og rikssamling i Noreg)   >  Til læraren  >  Kjeldeopplegg  >  Bilete som kjelde
   
  9. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Bilete som kjelde





Bilete er kjelder til kunnskap om fortida
Helleristingar og annan bergkunst gir oss viktige opplysningar om fortida når vi bruker dei som historiske kjelder. Bergkunst er rissa med hard stein i mjukt fjell. Fargane er lagde på i vår tid, for at helleristingane skal synast på fotografi. Dette biletet er frå Tune i Østfold, men det finst mange liknande bilete andre stader langs kysten. Dei er truleg laga i perioden 1500–1000 f.Kr. Kva kan du finne ut frå denne kjelda? Prøv deg med desse spørsmåla:
  • Kva skal biletet framstille?
  • Kva seier biletet om teknikk og handverk i tida?
  • Kan du slutte deg til kunnskap om forholdet mellom «menneska» på biletet? Kan dette seie noko om det norske samfunnet da?
  • Kva seier biletet om kontakt mellom menneske, og om måtar kontakten kunne gå føre seg på?
  • Kan du gjere deg tankar om kven, eller om kva slags menneske, som kan ha laga denne helleristinga?
  • Kvifor trur du nokon laga dette biletet? Kva kunne vere føremålet?
« Attende