Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  9 (Vikingferder, kristning og rikssamling i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Mellomalderen i Europa og Noreg (kapittel 8-11)
   
  9. VIKINGFERDER, KRISTNING OG RIKSSAMLING I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Mellomalderen i Europa og Noreg (kapittel 8-11)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område
  • gjere greie for eit utval av sentrale økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i mellomalderen
Oppgåver

Be elevane finne eit emne frå mellomalderen som interesserer dei. Både tidleg-, høg- og seinmellomalder bør vere dekt. Be dei skildre utviklinga, med vekt på brot og kontinuitet. Emne kan vere krigføring, biletkunst, skulpturar, statsleiarar, religiøse ritual, byar, arkitektur, mytar, statsskipnader, rolla til kvinnene osv. Dei må hugse på å bruke gode kjelder og å gi opp kjeldene korrekt! Elevane kan ta utgangspunkt i forklaringsmodellen på side 24 i Arbeidsportal.

Eksempeloppgåver
  • Kyrkjer: San Vitale i Ravenna (533–549), katedralen i Pisa (1053–1272) og Ste. Chapelle i Paris (1243–1248). Kva er likt, og kva er heilt nytt og annleis? Beskriv med bilete.
  • Kvardagsliv: Elevane set seg inn i livet til ein vanleg borgar i Firenze i åra 780, 1349 og 1492. Korleis ser kvardagen ut? Korleis er kvardagen lik, og korleis er han ulik i dei tre ulike åra?
  • Politisk utvikling: Studer utviklinga av kongens makt gjennom mellomalderen, for eksempel med utgangspunkt i Harald Hårfagre, Olav Haraldsson og Håkon V Magnusson.
« Attende