Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  10 (Samfunn og stat i Noreg i mellomalderen)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Mellomalderen i Noreg (kapittel 9, 10 og 11)
   
  10. SAMFUNN OG STAT I NOREG I MELLOMALDEREN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Mellomalderen i Noreg (kapittel 9, 10 og 11)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • gjere greie for samfunnsforhold og statsutvikling i Noreg frå ca. 700 til ca. 1500 og diskutere mogleg påverknad frå andre kulturar, samfunn og statar
Oppgåve

Denne oppgåva passar det å arbeide med etter at ein har gjennomgått europeisk mellomalder, og ein bør i tillegg ha gjort ein gjennomgang av norsk mellomalder. Oppgåva kan gjerne gjerast ein fagdag. Det er viktig at elevane får grundig rettleiing undervegs. Problemstillingane bør godkjennast av læraren.

Be elevane om å velje eit emne innanfor norsk mellomalder og diskutere kva slags påverknad Noreg har fått frå andre kulturar, samfunn og statar. Det elevane kjem fram til, kan for eksempel presenterast munnleg i grupper. Elevane vel sjølve korleis dei vil presentere emnet. Dei bør oppmodast til å vere kreative – dei kan for eksempel lage radioprogram eller digitale forteljingar.

Det er viktig at elevane viser evne til kjeldekritikk og fører opp kjeldene dei har brukt i arbeidet. Oppmod dei gjerne til å bruke skolebiblioteket i tillegg til Internett.

Eksempel på emne:
  • Religion – norrøn mytologi, kristendommen, klosterliv
  • Samfunnsstrukturar – føydalisme, kongemakt
  • Kunst – biletkunst, formgiving
  • Byggjeskikkar – stavkyrkjer, Nidarosdomen
  • Teknologi – skipsbygging, jordbruk
  • Litteratur – skriftspråk, motiv, sjangrar

« Attende