Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  12 (Asia og Afrika)   >  Til læraren   >  Undervisningsopplegg  >  Lag ei digital tidslinje
   
  12. ASIA OG AFRIKA
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Lag ei digital tidslinje


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme tidlege samfunn
  • gjere greie for eit utval av sentrale økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i mellomalderen
  • gjere greie for årsaker til at folkegrupper emigrerer, og drøfte konsekvensar av møtet deira med andre kulturar

Afrika sør for Sahara har ikkje vore like mykje i kontakt med europearar og asiatar som folk frå Nord-Afrika. Likevel var det ikkje snakk om ei nyoppdaging av verda da dei portugisiske sjøfararane tok seg rundt sørspissen av Afrika. For elevane kan det vere nyttig å samanlikne utviklinga i Afrika med utviklinga i Asia, Afrika og Europa for å få eit visst perspektiv på desse ulike kontinenta si historie. Å bruke ei digital tidslinje, der ein kan setje inn bilete og film, kan vere med på å illustrere dette perspektivet.

Oppgåver
  • Elevane skal lage ei digital tidslinje på nett, i grupper på tre. Dei kan bruke anten Dipity eller Xtimeline. Dei må registrere ein brukar og opprette ei ny tidslinje. Deretter deler dei kontinenta Europa/Midtausten, Asia og Afrika mellom seg og lagar ei oversikt over dei viktigaste utviklingstrekka på kvart kontinent. Dei bør avgrense seg til perioden frå ca. år 0 og fram til ca. 1500. Dei kan gjerne ha forklaringsmodellen frå side 24 i Arbeidsportal i bakhovudet når dei ser etter dei viktigaste trekka. Når dei har oversikt, legg dei inn årstal og ei lita forklaring i den digitale tidslinja. Det er greiast om dei gjer dette etter tur, så dei bør vere nøye med å ha alt materialet lett tilgjengeleg. Når dei er ferdige, vil dei ha ei tidslinje som viser hendingar på dei tre kontinenta ved sida av kvarandre. Kva slags likskapar og skilnader i utvikling kan dei peike på?
« Attende