Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  12 (Asia og Afrika)   >  Til læraren   >  Undervisningsopplegg  >  Den mongolske og muslimske ekspansjonen
   
  12. ASIA OG AFRIKA
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Den mongolske og muslimske ekspansjonen


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • gjere greie for årsaker til at folkegrupper emigrerer, og drøfte konsekvensar av møtet deira med andre kulturar
  • samanlikne to eller fleire antikke samfunn og diskutere kva antikken har hatt å seie for moderne politikk, arkitektur eller annan kunst
  • bruke digitale verktøy
Dette kapittelet dreiar seg om den mongolske og muslimske ekspansjonen i perioden 500–1500, saman med utviklinga i Kina, Japan og Afrika sør for Sahara.

Poenget med oppgåve 1 er at elevane mellom anna skal få ei forståing for skilnadene mellom dei muslimske og dei mongolske erobringane. Spørsmålet om administrasjon er nærmast eit lurespørsmål – mongolane var dårlege til å administrere erobringane sine, i motsetnad til muslimane. Denne skilnaden mellom dei er den mest vesentlege.

Oppgåve 1

Be elevane studere dei muslimske eller dei mongolske erobringane og gjere desse oppgåvene:
  • Sjå på årsaker til at erobrarane kunne leggje under seg så store landområde.
  • Korleis administrerte dei erobringane sine?
  • Kva rolle spela religionar som drivkraft i desse erobringane?
  • Kva haldning hadde erobrarane til framande kulturar?
  • Kva konsekvensar hadde erobringane når det galdt spreiing av religionar?
Oppgåve 2

Elevane har lese om Romarriket tidlegare, eit rike som blei oppretta om lag samtidig som det kinesiske riket. Men Kina har overlevd som éin sivilisasjon heilt fram til i dag, mens Romarriket gjekk under og blei delt opp i eit utal europeiske statar. Gi elevane i oppgåve å finne fram til moglege årsaker til denne utviklinga. Dei kan gjerne bruke forklaringsmodellen på side 24 i Arbeidsportal.


« Attende