Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  15 (Den første globale økonomien)   >  Til læraren   >  Undervisningsopplegg  >  Oppdagingsreisene - årsaker og konsekvensar
   
  15. DEN FØRSTE GLOBALE ØKONOMIEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Oppdagingsreisene - årsaker og konsekvensar


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • forklare drivkrefter bak den europeiske oversjøiske ekspansjonen og diskutere kulturmøte, sett frå ulike perspektiv
  • gjere greie for årsaker til at folkegrupper emigrer, og drøfte konsekvensar av møtet deira med andre kulturar

Dette opplegget er i hovudsak knytt til fagstoffet i kapittel 15, men det er også naturleg å dra inn kapittel 12 og 14, særleg avsnitta om Kina, Japan og Amerika. Ein kan også gjennomgå det teoretiske stoffet om kapitalismen i kapittel 13 først, for så å bruke oppgåvene under til å konkretisere stoffet for elevane.

Tidsramme: 2 timar.

Oppgåver:
  1. Kart: Eit tomt verdskart blir delt ut til elevane. Dei skal bruke læreboka og historisk atlas og markere koloniane og dei oversjøiske områda til Spania, Portugal, Frankrike, Storbritannia og Nederland i Amerika, Afrika og Asia på det utdelte kartet.
  2. Nye dyr og planter over verdshava: Oppdagingsreisene til Amerika, Afrika og Asia førte mellom anna til ei storstila utveksling av dyr og planter over verdshava. Be elevane plassere desse planteslaga og dyra på rett plass i skjemaet: mais, sukker, hestar, kyr, tobakk, sauer, poteter, tomatar, kaffi (også andre dersom dei finn nokon). Til slutt skal dei vurdere kva økonomiske, økologiske og befolknings­messige konsekvensar innføringa av nye dyr og planter fekk for ulike delar av verda.

3. Bakgrunn for og årsaker til oppdagingsreisene

A Kva motiv hadde europearane for å leggje ut på oppdagingsreisene?

B Kva teknologiske føremoner gjorde det mogleg for europearane å krysse verdshava på 1500-talet?

C Kvifor var det ikkje kinesarane, som på denne tida langt på veg var teknologisk og økonomiske overlegne i forhold til europearane, som oppdaga Europa og resten av verda? Be elevane bruke læreboka og annan litteratur for å finne ei rimeleg forklaring.

« Attende