Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  20 (Nordmennene møter den tidlege kapitalismen)   >  Til læraren  >  Kjeldeopplegg  >  Husmenn
   
  20. NORDMENNENE MØTER DEN TIDLEGE KAPITALISMEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Husmenn


Føresegn om husmenn, 29. juni 1792

Vi Kristian 7., av Guds nåde konge over Danmark og Noreg, kunngjer med dette: At det er blitt kjent for oss at husmennene i vårt rike Noreg ikkje sjeldan blir utsette for vilkårleg behandling av jordeigarane. Når husmennene har rydda og forbetra dei jordstykka dei har fått, forlanger jordeigarane større avgifter og meir arbeid av dei enn det som var avtalt. Da kontraktane om dette vanlegvis er munnlege, er det like uråd både for partane og for dommarane å fastsetje kva gjensidige rettar og plikter dei har. For at dei norske husmennene, som med flid har medverka så mykje til å dyrke landet, skal kunne vernast mot slik undertrykking og for at jordeigarane på si side skal kunne utøve sin lovlege eigedomsrett, vil vi ikkje berre innskjerpe alvorleg dei pålegga som står i føresegn av 29. april 1752, paragraf 4. I tillegg befaler vi at jamvel om det framleis skal vere opp til jordeigarane å gjere frivillige og tenlege avtalar med dei husmennene som får slå seg ned i innmarka på gardane, så skal husbonden vere pliktig til å gi kvar slik husmann ein setel der dei vilkåra plassen er overlaten på, er førte opp. Tilsvarande skal husbonden få ein likelydande gjenpart av setelen som skal vere underskriven av husmannen og av to vitne. Dersom ein jordeigar let vere å gjere dette, og det oppstår rettstvist mellom han og husmannen om vilkåra for å setje med plassen eller om plikter i samband med avgift og arbeid, da skal det reknast som at jordeigaren har leigd ut plassen på levetida til husmannen og enkja hans, og avgifta i pengar eller arbeid skal vere den same som har vore betalt den siste tida. Dessutan tillet vi at desse gjensidige skriftlege pliktene blir skrivne på stempla papir utan gebyr til staten. Alle forpliktar seg underdanigast til å rette seg etter dette. Gitt på vårt slott Frederiksberg den 29. juni 1792. Under vår kongelege hand og segl. Kristian R.

(Teksta er omsett til nynorsk her.)


Husmannskontrakt frå Litledalen i Etne, 1818

Eg Johannes Sakariassen Litledalen vedstår med dette at eg har overlate husmannsplassen Hagen under Litledalen til bruk for Ingemund Torbjørnssen på slike vilkår:

a Ingemund Torbjørnssen skal årleg svare for plassen våronnsarbeid for meg og alle seinare eigarar av garden. Det skal vere arbeid så lenge våronna varer.

b Han skal kvart år slå eit areal tilsvarande ti orteteigar og sjølv halde seg med ljå.

c Likeins skal han svare for husmannsplassen seks dagars arbeid i kornskurden om hausten. Dersom han sjølv ikkje kan arbeide, skal han skaffe ein mannperson i sin stad, og ikkje ei jente.

d Det skal stå han fritt å ha så mange husdyr på beite i utmarka som han held om vinteren på plassen, men ikkje fleire.

e Dersom han ikkje ter seg reideleg i ord og ærleg i gjerning mot meg og naboane, får han ikkje lenger bruke plassen. Alle punkta ovanfor skal etterlevast fullt og heilt, og han har plikt til å flytte frå plassen om han ikkje held dei. Han skal vrre lydig mot meg som husbonde og utføre alt arbeidet sitt forsvarleg. Han kan ta fri brenneved i utmarka til garden, men berre slik han får tilvist av meg.

At vi begge er nøgde med dette og kvar på vår side vil respektere kontrakten, vedstår vi.

Ingemund Torbjørnssen. Johannes Sakariassen Litledalen. Med førte pennar.

(Teksta er omsett til nynorsk her.)
  • Kva er ført opp som grunngiving for 1792-føresegna?
  • Blir det innført obligatorisk kontrakt for husmenn i innmarka?
  • Vil det vere mogleg å rekne leiga som Ingemund Torbjørnssen skal betale, om til pengeverdi?
  • Er det klargjort kor lenge leigeforholdet skal vare?
  • Kor lett eller vanskeleg trur du det ville vere å få husmannen kasta ut frå plassen med støtte i punkt e?
« Attende