Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  2 (Korleis arbeider vi med historie?)   >  Til læraren   >  Undervisningsopplegg  >  Periodisering og epokeinndeling
   
  2. KORLEIS ARBEIDER VI MED HISTORIE?
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Periodisering og epokeinndeling


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • forklare kvifor historikarar og andre deler tidsløp inn i periodar og diskutere kva kriterium som ligg til grunn for dette
Periodisering og epokeinndeling

Før klassa går laus på kapittelet, kan det vere fruktbart for elevane å tenkje litt igjennom periodisering og epokeinndeling. Ei nyttig øving kan vere å bruke seg sjølv, altså ekstrem mikrohistorie. Be elevane først dele opp sitt eige liv i tre epokar. Det er viktig at dei skriv nokre setningar om kvifor dei har delt inn slik dei har gjort. Kva har åra innanfor epokane felles, kva er ulikt dei andre epokane? Deretter kan ein be dei dele inn i ti epokar. Øvinga kan vere så pass personleg at læraren kanskje berre skal samle inn det elevane har skrive, og så leie ein klassediskusjon med utgangspunkt i tekstane.

Deretter kan ein gå over på makrohistoria. Kva epokar kjenner elevane til? Gjennomfør gjerne ei idémyldring på tavla. Her kan det komme mykje rart, men la elevane seie kva som helst. Etterpå er det viktig at læraren forklarer at ikkje alle epokar er historiske epokar. Krit-tida og kambrio-silur er noko geologar driv med. Steinalderen og jernalderen er epokar som arkeologar gjerne er interesserte i. Barokken og rokokko er omgrep som kunsthistorikarar bruker. Kva er det som interesserer historikarar? Jo, epokar der vi har skriftlege kjelder.

Etter at dei uinteressante epokane er luka ut, kan vi prøve å setje dei resterande i rekkjefølgje. Deretter prøver vi å finne nokre kjenneteikn for dei. I Portal er det ei tredeling mellom slektskapssamfunn, tributtsamfunn og kapitalistiske samfunn, og det kan vere fornuftig å leie elevane inn på denne tredelinga. Det er dei to siste samfunnstypane som er interessante for historikarar, da det er frå dei vi i hovudsak har skriftlege kjelder.

« Attende