Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  2 (Den politiske revolusjonen)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Konstitusjonar og maktfordeling
   
  2. DEN POLITISKE REVOLUSJONEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Konstitusjonar og maktfordeling


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • drøfte korleis idear frå opplysningstida påverka og blei påverka av samfunnsomveltingar på 1700- og 1800-talet
USA har i dag den eldste konstitusjonen (grunnlova) i verda, skriven i 1776. Denne konstitusjonen er basert på ei rekkje prinsipp som i hovudsak byggjer på fransk opplysningsfilosofi. Særleg står prinsippa til Charles Montesquieu om maktfordeling sentralt. Den amerikanske systemet blei i si tid laga for å sørgje for at ingen, på noko som helst tidspunkt, skulle kunne få for mykje makt. Det skulle hindrast gjennom det som blir kalla «checks and balances». Eksempel er at presidenten har vetorett, og Høgsterett (The Supreme Court) har rett til å erklære at lover og handlingar er i strid med konstitusjonen.
Elevane vil ha nytte av å sjå på korleis det amerikanske systemet skil seg frå einevelda som var dominerande i Europa på same tid, det vil seie politiske system der all makt i prinsippet var konsentrert hos kongen. Dei kan for eksempel bruke litt tid på å setje opp ei oversikt over dei ulike delane av det amerikanske politiske systemet: den utøvande makta (executive power), den lovgivande makta (legislative power) og den dømmande makta (judicial power). Under finn du nokre forslag til korleis elevane kan arbeide med dette emnet.

Oppgåver:
  1. Be elevane setje seg inn i delinga av makt i den amerikanske grunnlova, og sjå på korleis denne maktfordelinga passar inn i Montesquieus maktfordelingsprinsipp. Kva er dei største skilnadene frå eineveldet? Elevane kan gjerne bruke Glogster til dette arbeidet, og lage oversiktlege plakatar, ein «glogg» der dei kan setje inn både bilete, lenkjer og videoar. Det kan vere lurt å lage ein hovudplakat før dei lagar éin plakat for den utøvande makta, éin for den dømmande makta og éin for den lovgivande makta. Etter at dei har laga alle plakatane, kan dei lenkje til dei andre, slik at «gloggen» blir oversiktleg og lett å lese for andre.
  2. Den nest eldste konstitusjonen i verda feirar vi kvart år 17. mai. Det er ein konstitusjon som faktisk er ganske lik den amerikanske når det gjeld hovudprinsippa om maktfordeling. Be elevane sjå på kva som er dei største skilnadene når det gjeld maktfordelingsprinsippet i den amerikanske grunnlova frå 1787 og i den norske frå 1814. I kva grad var dei to grunnlovene reelt sett demokratiske? Kva folkegrupper blei haldne utanfor og kunne ikkje ta del i dei nye demokratia? Kva var grunngivinga for å utelate visse grupper i samfunnet?
« Attende