Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  4 (Året 1814)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  1814 – korleis Noreg fekk si eiga grunnlov (kapittel 3 og 4)
   
  4. ÅRET 1814
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Lydbok
 
Til læraren
 

1814 – korleis Noreg fekk si eiga grunnlov (kapittel 3 og 4)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • bruke digitale verktøy til å planleggje, gjennomføre og presentere ei problemorientert undersøking ut frå eigne spørsmål til eit historisk materiale
  • presentere ein historisk person og drøfte korleis samtidige idear og samfunnsforhold påverka tenkjemåtane og handlingane til denne personen
  • gjere greie for demokratiutvikling i Noreg frå 1800-talet og fram til 1945 og analysere drivkreftene bak denne utviklinga
  • drøfte korleis ideane frå opplysningstida påverka og blei påverka av samfunnsomveltingar på 1700- og 1800-talet
1814 – korleis Noreg fekk si eiga grunnlov
Kapittel 3 og 4 er faktatunge kapittel som det kan vere vanskeleg for elevane å få oversikt over. Samtidig er intrigane rundt overføringa av Noreg til Sverige interessante å sjå på, både med tanke på verknadene av ideane frå opplysningstida og med tanke på den politiske revolusjonen i Europa. Grunnlova vår er framleis den nest eldste i verda som er i kontinuerleg bruk, og ho er sterkt prega av både den amerikanske og den franske revolusjonen. Her bør elevane arbeide med å skaffe seg oversikt over hendingar og personar. Under har vi skissert nokre forslag til arbeidsmåtar.

Oppgåver
  1. Lag ei tidslinje over dei viktigaste hendingane. Bruk Dipity eller xtimeline.
  2. Lag eit intervju med Kristian Fredrik – bruk Audacity. Tenk dykk at de snakkar med han i 1815, og at utfallet av intrigane er klart: Noreg har gått i union med Sverige, men med eiga grunnlov og eit omfattande indre sjølvstyre. Få gjerne Kristian Fredrik til å snakke om dei politiske motstandarane sine, men hald ein sakleg tone. Prøv å stille spørsmål som han må svare på med lengre resonnement, og unngå ja/nei-spørsmål. Kva med å inkludere lyttarane som innringjarar eller per SMS – dei har kanskje sine eigne spørsmål som dei lurer på?
  3. Lag ei veggavis på Glogster som gir ei oversikt over opptakta til 1814 og sjølve 1814.
I alle oppgåvene bør elevane ha med ein del utfyllande stoff:
  • Tendensar i tida før 1814, sjå side 43–47 i læreboka i nyare historie.
  • Innverknadene av Napoleonskrigane.
  • Forsyningssituasjonen for Noreg.
  • Sjølvstendepartiet og Unionspartiet og leiarane av desse partia.
  • Sentrale aktørar, sjå side 57 i læreboka. I tillegg til ein kort biografi bør dei sentrale aktørane plasserast politisk – kva stod dei for, og korleis påverka dei gangen i hendingane?
  • Det viktigaste innhaldet i Kiel-traktaten.
Elevane kan godt søkje fritt etter informasjon på Internett, det er ei viktig ferdigheit å meistre. Men framhev for dei at dei må vurdere kjeldene sine, og at denne vurderinga må vere ein del av produktet deira. Ein kan gjerne gi dei råd om å bruke for eksempel i staden for Wikipedia.

Når det gjeld radiointervjuet, har elevane her ein fin sjanse til å spele litt rollespel. Det er viktig at dei kjenner stoffet godt, og at den eleven som spelar Kristian Fredrik, kan snakke entusiastisk om saka. Skal han rakke ned på motstandarane, må han kjenne godt til kva motstandarane stod for, og kvifor han sjølv meiner at dei tok feil. Dersom nokon skal vere innringjarar eller sende SMS-spørsmål, har dei ein unik sjanse til å få fram folkeopinionen, og dei må derfor gjere grundig research. Likevel kan det vere morosamt å la dei leike litt her – la dei tenkje sjølve. Kanskje kjem dei fram til originale meiningar frå «folket»?

Dersom klassa vel ulike former i arbeidet med 1814, kan det vere ein idé at dei slår saman heile arbeidet på ein klasse-glogster. På ein glogster kan ein leggje inn lydfiler (intervju) eller setje inn tidslinjer, og ein kan lage lenkje til andre glogsterar. Klasse-glosteren kan vidare leggjast tilgjengeleg på ei læringsplattform, for eksempel It‘s Learning eller Fronter, og dermed får heile klassa tilgjenge til alt arbeid klassa har gjort. Er du modig, kan du la elevane vurdere og kommentere arbeidet til kvarandre, men da må du passe på å fjerne usaklege ytringar og helst gi elevane vurderingskriterium.

« Attende