Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  5 (Det moderne industrisamfunnet tek form)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Den industrielle revolusjonen - årsaker og verknader (kapittel 1 og 5)
   
  5. DET MODERNE INDUSTRISAMFUNNET TEK FORM
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Den industrielle revolusjonen - årsaker og verknader (kapittel 1 og 5)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • gjere greie for hovudtrekk ved den industrielle revolusjonen og undersøkje kva denne revolusjonen fekk å seie for næringsutvikling og sosiale forhold i det norske samfunnet
Dette emnet høver til arbeid med kausalitetsforklaringar. Kapittelet om den industrielle revolusjonen går igjennom dei ulike årsakene til at denne revolusjonen skjedde nettopp i England. Vi foreslår at elevane i små grupper går grundig igjennom kapittelet og lagar ei oversikt over dei ulike årsakene til at den industrielle revolusjonen kom i England. Dei sorterer årsakene i sosiale, politiske, økonomiske og kulturelle årsaker (for rettleiing, sjå side 24 i Arbeidsportal). Det finst naturlegvis ingen fasitsvar, men ein viss produksjonsvekst, og det som følgjer med av auka kjøpekraft og tilgjengeleg arbeidskraft, må kunne seiast å vere ein føresetnad. Dersom elevane får leggje fram forslaga sine for klassa, kan det bli ein interessant diskusjon. Det er viktig at elevane grunngir forslaga sine.

Vidare kan elevane identifisere dei viktigaste verknadene av den industrielle revolusjonen. Det har vore diskutert om denne revolusjonen har vore positiv eller negativ, særleg med omsyn til levekår for vanlege folk. Læraren kan tildele elevane ulike identitetar og be dei om å finne anten positive eller negative verknader for den identiteten dei har fått. Deretter kan læraren organisere ein paneldebatt i klasserommet.

Forslag til personar som er med i debatten:
  • Ein fabrikkeigar
  • Eit barn som arbeider på fabrikken
  • Ein miljøvernforkjempar, for eksempel ein helseinspektør
  • Ein ihuga marknadsliberalist
  • Ein konservativ godseigar
  • Ein radikal sosialist
« Attende