Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  6 (Massepolitikk og nasjonar)   >  Til læraren  >  Kjeldeopplegg  >  Ulike syn på dei nordamerikanske indianarane
   
  6. MASSEPOLITIKK OG NASJONAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Ulike syn på dei nordamerikanske indianarane


Kva er grunnen til at vi er usamde?

Det er naturleg at folk er usamde. Dersom ti personar står og ser ein bank bli rana, og så blir bedne om å skildre forbrytaren etterpå, vil dei heilt sikkert gi ulike skildringar. Somme har sett ranaren bakfrå, somme framanfrå, somme legg merke til auga, andre til munnen. Somme har erfaring med å observere kjenneteikn ved andre menneske, andre har lite øving. Somme diktar kanskje litt for å gjere seg interessante, andre er livredde for å seie meir enn dei kan stå inne for. Kanskje somme til og med kjende ranaren og derfor ønskte å gi eit feil bilete av situasjonen.

Under siterer vi to kjelder som begge dreiar seg om kva forhold nordamerikanske indianarar har hatt til naturen. Les begge kjeldene, prøv å svare på dei seks spørsmåla under og prøv å forstå kvifor kjeldene er så ulike.

I 1854 møttest indianarhøvdingen Seathl (byen Seattle har namn etter han) og den amerikanske presidenten for å signere ein traktat om sal av jord frå indianarar til kvite. Det er vanleg å vise til denne talen når ein skal seie noko om naturforståing blant indianarar. Her er eit utdrag frå talen, slik han står i eit filmmanus frå 1970:

Dei duftande blomstrane er våre sysken; rådyra, hesten, den store ørnen – dei er våre brør. Dei steinete åskammane, våtmarkene, ponniens kroppsvarme og mennesket, alt hører til den same familien. … Den kvite mann må behandle dyra i dette landet som sine eigne sysken. Eg er ein villmann og forstår ikkje andre måtar å leve på. Eg har sett tusen rotnande bøflar ute på prærien, skotne av den kvite mann frå eit passerande tog. Eg er ein villmann og forstår ikkje at jernhesten kan vere viktigare enn bøflane. Indianarane drep berre for at dei sjølve kan berge livet.

Historikaren Per-Bjarne Ravnå seier dette i tidsskriftet Historie, nr.1, 1993 (side 5–31):

Det er en utbredt oppfatning at bøffelen ble utryddet av hensynsløse hvite jegere … men det er beste fall halve sannheten. … Mange hvite reisende har blitt sjokkert over å finne store mengder råtnende bøffelkadavre etter at indianerne hadde drevet jakt for skinnenes skyld. … Indianerne slaktet en bøffelflokk på 1500 dyr for å forsyne hvite handelsfolk med en båtlast saltede bøffeltunger. Tungene ble solgt som delikatesser i Saint Louis, mens resten av dyra fikk ligge å råtne.

Formålet her er å gi ei betre forståing av kvifor folk er usamde. For å hjelpe deg på veg minner vi om dei seks spørsmåla som vi bruker å stille når vi skal forstå ei kjelde. Prøv å gi svar på så mange av spørsmåla som råd er.
  1. Kva er dette?
  2. Når og kvar er kjelda frå?
  3. Kva fortel kjelda om?
  4. Kor påliteleg er kjelda?
  5. Kva nytte har vi av kjelda når vi skal seie noko om det vi studerer?
  6. Kva samanhengar vil du setje kjelda inn i, og kvifor?
På bakgrunn av det arbeidet du no har gjort, ber vi deg om å diskutere årsaker til at dei to kjeldene gir så ulike framstillingar av indianarane.
« Attende