Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  6 (Massepolitikk og nasjonar)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Nasjonalisme
   
  6. MASSEPOLITIKK OG NASJONAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Nasjonalisme


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • drøfte korleis nasjonalstaten har skapt nasjonalt og kulturelt samhør, men også konfliktar og undertrykking
  • drøfte korleis historie er blitt brukt og blir brukt i politiske samanhengar

Nasjonalismen var ei tankeretning som voks seg ganske sterk på 1800-talet, både i Europa og i Noreg, og hovudprogrammet for nasjonalismen var at kvar nasjon burde ha sin eigen stat, nasjonalstaten. Men korleis ein nasjon skal definerast, er det ikkje semje om, og det var heller ikkje semje om det på 1800-talet. Politisk og kulturdefinert nasjonalisme blir introdusert på side 91 i læreboka i eldre historie og kan vere utgangspunkt for interessante diskusjonar.

Forslag til spørsmål ein kan stille elevane:
  1. Kva kjenneteiknar politisk nasjonalisme?
  2. Kva kjenneteiknar kulturdefinert nasjonalisme? 
  3. I kva land i Europa fanst dei ulike formene for nasjonalisme?
  4. Kva slags problem kan oppstå dersom ulike politiske aktørar handlar ut frå ulike former for nasjonalisme? Kva slags problem kan oppstå når ein prøver å samle ein nasjon i ein nasjonalstat, dersom ein er tilhengar av politisk nasjonalisme? 
  5. Kva slags problem kan oppstå når ein prøver å samle ein nasjon i ein nasjonalstat, dersom ein er tilhengar av kulturdefinert nasjonalisme?
  6. Basert på det elevane kan om nasjonalromantikk: Kva slags nasjonalisme prega Noreg på 1800-talet?
  7. Kva slags nasjonalisme ser vi i Noreg i dag?
  8. Kva legg vi i omgrepet nasjonalisme i dag? Har innhaldet i omgrepet endra seg sidan nasjonalismeomgrepet oppstod på 1800-talet? Kvifor har det i så fall endra seg, trur de?

« Attende