Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  7 (Imperium og koloniar)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Imperialismen
   
  7. IMPERIUM OG KOLONIAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Imperialismen


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • gi eksempel på kontroversielle historiske emne og drøfte motstridande årsaksforklaringar til ei historisk hending
  • presentere sentrale trekk ved kolonialismen og situasjonen i eit ikkje-europeisk område på 1800-talet, sett frå ulike perspektiv
Gruppeoppgåve

I denne oppgåva skal elevane ta for seg utviklinga av den europeiske imperialismen mellom 1870 og 1914. Dei skal både sjå på kva årsaker som låg til grunn for imperialismen, og diskutere kva følgjer imperialismen fekk for dei imperialistiske statane og for dei delane av verda som blei underlagde imperia. Klassa deler seg i grupper som tek for seg kvar sitt geografiske område, som Afrika, Asia, Oseania eller Sør-Amerika. Gruppene kan også ta for seg einskildland eller einskildområde, for eksempel Kongo, India, Filippinane eller Cuba.

Kvar gruppe arbeider med éi eller fleire av problemstillingane som er førte opp under.

Aktuelle problemstillingar:
  • Kva var attraktivt for kolonimaktene i det aktuelle området?
  • Korleis var det mogleg for kolonimaktene å ta kontroll over dette området?
  • Kva følgjer fekk imperialismen for området?
  • Kva form for imperialisme kan vi finne i det aktuelle området?
  • Kva slags reaksjonar blei kolonimaktene møtte med? Fanst det for eksempel organiserte motstandsrørsler?
« Attende