Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  8 (Det moderne Noreg blir til)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Utvandring
   
  8. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Utvandring


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • tolke og bruke historisk talmateriale i fagleg arbeid

Mange av elevane har sannsynlegvis slektningar som har utvandra til Amerika, og ein morosam aktivitet kan vere å søkje etter slektningar i arkiva til Ellis Island. Ein kan søkje på både personnamn og namn på fartøy. Elevar som ikkje har familie som har emigrert, kan kanskje søkje etter familiane til kjende personar? Eller kva med å sjå litt på passasjerlistene frå Olympic, systerskipet til Titanic? Eit interessant spørsmål å stille elevane er både kvifor det er så få registrerte passasjerar frå dette skipet, og kvifor ei segling frå Southampton har så mange med austeuropeiske namn blant passasjerane. Svaret er sjølvsagt at det berre var passasjerar på tredje klasse som blei sende til Ellis Island. Det blei rekna med at dei som reiste på første og andre klasse, hadde både god helse og kapital. Nettsida om historia til Ellis Island fortel om nettopp dette, men kanskje kan ein få elevane til å tenkje litt før dei får denne lenkja.

Vidare kan elevane bruke digitalarkivet og sjå på folketeljingane frå 1801, 1865, 1875 og 1900. Kan dei finne igjen dei utvandra slektningane sine i nokon av folketeljingane frå før utvandringa? Kva kan dei finne ut om slektningane sine gjennom desse sidene? Elevane kan kanskje skrive ein rapport om det dei fann ut, der dei diskuterer kva slags kjelder dei har brukt, og korleis dei har brukt dei. Kva slags problem møtte elevane, og kva slags atterhald må ein ta etter å ha brukt desse kjeldene?

« Attende