Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  8 (Det moderne Noreg blir til)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Nærings- og arbeidsliv i Noreg på 1800-talet
   
  8. DET MODERNE NOREG BLIR TIL
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Nærings- og arbeidsliv i Noreg på 1800-talet


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • gjere greie for hovudtrekk ved den industrielle revolusjonen og undersøkje kva han fekk å seie for næringsutvikling og sosiale forhold i det norske samfunnet
  • gjere greie for korleis arbeidsliv og arbeidsdeling mellom kjønna har endra seg i Noreg frå 1800-talet og fram til i dag
  • gjere greie for befolkningsutviklinga i eit lokalsamfunn over ein lengre periode og diskutere kva faktorar som har hatt innverknad på livssituasjonen til innbyggjarane
Oppgåve

Kapittel 8 inneheld store mengder informasjon om utviklinga i nærings- og arbeidsliv i Noreg på 1800-talet. For å hjelpe elevane med å få oversikt og forstå dette materialet kan ein gå fram på denne måten:

Elevane skal tenkje seg at dei er ungdom på sin eigen alder, og at dei lever på heimstaden sin, for eksempel i året 1850, 1870 eller 1900. Det er tronge kår heime, og den unge guten eller jenta må ta ei avgjerd om kva han eller ho skal gjere i framtida. Elevane bør (helst på eiga hand) komme fram til ei oversikt som inkluderer eitt av alternativa under:
  • Finne ein jobb på heimstaden.
  • Flytte til nærmaste by, for eksempel for å arbeide på fabrikk eller som tenestejente.
  • Emigrere til Amerika.
  • Dra til sjøs.
Deretter kan elevane arbeide med å finne argument for og imot desse alternativa, og finne fram til det mest fornuftige valet for ungdommen. Dette valet bør elevane skrive ned, dei kan for eksempel lage eit tankekart på bubbl.us. Dei kan bruke læreboka til å lære om forholda i Noreg på 1800-talet, men bør også dra inn kunnskap om forholda på heimstaden. Oppgåva kan avsluttast med ein klassediskusjon om kva som er best av dei ulike alternativa. Kva meiner elevane er dei største skilnadene mellom livet i Noreg på 1800-talet og i dag?

« Attende